Politi | 19. juni 2024

Førarkortbeslag ved Svegatjørn

UP hadde kontroll på E39 og på Søfteland i går.

Førarkortbeslag ved Svegatjørn
80-sona mellom Skogafjellstunnelen og Moberg. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. juni 2024 07:40

Tysdag hadde utrykningspolitiet fartskontroll to stadar i Os.

I Storestraumen på Søfteland blei 14 bilistar kontrollert for promille i 08-09-tida utan at dei fann noko å reagera på, men éin bil blei avskilta grunna manglande EU-godkjenning.

Så, frå klokka 09.15 til 13, var det fartskontroll på E39 Halhjemsvegen, i 80-sona sør for Skogafjellstunnelen.

– Ein bil blei målt i 129 km/t. Det blei tatt beslag i førarkortet til bilførar, ein gut i tenåra, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

I tillegg blei det skrive ut 17 forenkla forelegg og 4 bilbeltegebyr.

I mellomtida, rundt klokka 11.30, blei ein avregistrert bil stoppa på Hatvikvegen.

– Førar blei ilagt gebyr og instruert om prosedyre for påregistrering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.