Politi | 20. juni 2024

Pågåande seljar og plagsam ungdom

Politiet fekk inn tre klagar i går.

Pågåande seljar og plagsam ungdom
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juni 2024 07:48

Onsdag i 17.40-tida fekk politiet melding om ein seljar som innringar opplevde som mistenkeleg.

– Vedkomande blir skildra på pågåande og framsto ikkje som oppriktig i forhold til kva vedkomande skulle selja, opplyser politiførstebetjent Morten Haugland.

Meldar møtte seljar i Os aust. Han skal ha gått frå hus til hus og prøvd å selja innbrotsalarm, men framsto som rusa.

Det er ikkje opplyst kva firma han skal ha representert eller om han var uniformert.

Patrulje var opptatt og vedkomande blei ikkje sjekka ut.

Klokka 19.45 i går fekk politiet melding om plagsam ungdom på Lekven.

– Dei skal ha leika «ring på spring», noko denne naboen opplevde som plagsamt.

Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykka ut på denne meldinga.

Klokka 01 natt til torsdag kom det inn klage på feststøy frå eit naust i Lekven-området.

– Det skal ifølgje meldar ha vore ein del yngre festdeltakarar. Vi hadde ikkje kapasitet til å rykka ut på denne meldinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.