Politi | 28. nov. 2024
Ping-pong og promillekontroll
Test gav utslag på 1 av 54.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. nov. 2024 09:15
Onsdag morgon i 09-tida hadde politiet promillekontroll på Byvegen.
54 trafikantar blei kontrollerte.
– Éin av dei, ein mann i 30-åra, blåste til 0,2. Det blei ikkje oppretta sak, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Tidleg onsdag kveld, litt over klokka 18, var ein patrulje innom Ung Arena. Der har dei vore før, og blant anna spelt bordtennis med ungdomane.
– Vi møtte mange fine ungdomar der i går òg, fortel Lyssand.