Politi | 24. nov. 2024

Henta full mann på samfunnshus

Politiet si natt: Alarm hos bedrift, lys i Oselvo og festdeltakar som trengte assistanse.

Henta full mann på samfunnshus
Politiet tok eit lite tranposrtoppdrag på Skeie i natt. Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 24. nov. 2024 08:56

Natt til laurdag sendte politiet to menn i marsj etter innbrot hos Bir i Kolskogen.

Laurdag kveld rykte politiet ut på ein annan alarm hos ei bedrift nord for Os sentrum.

– Vi fann ingen teikn til innbrot. Det er òg uklart om detvar brann- eller innbrotsalarm. Vektarselskap overtok oppdraget, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

I 02.20-tida natt til søndag var politiet utom ein fest på eit samfunnshus på Nore Neset.

– Ein full mann i 40-åra blei tatt hand om og køyrd heim av patruljen.

Seinare på natta, i 04.40-tida, fekk politiet melding frå ein person som var uroa for nokre lys i Oselvo nær gamlebrua mellom Landboden og Borgavegen/Finnebrekka.

– Fleire patruljar blei sendt til staden, då meldar ikkje kunne seia sikkert kvar lysa kom frå.

Det viste seg å vera lys som er monterte i elva, truleg dei same som står i tilknyting til undervannskameraet som overvaker lakseoppgangen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.