På pantetoppen i 2021
Éin butikk i Os er på topp 15-lista i fylket.
Nordmenn bryr seg om miljøet, og sett kvart år nye rekordar i panting. Totalt blei det panta over 1,5 milliardar flasker og boksar i Noreg i 2021.
Det er 12 prosent meir enn året før. Den gode panteinnsatsen bidrog til at totalt 34.220 tonn plast og aluminium blei resirkulert til nye produkt.
– Me er svært glade for at folk er så gode til å pante. I vårt system blir absolutt alt resirkulert, igjen og igjen, så panting er svært miljøvennleg, seier Randi Haavik Varberg, direktør for marknad og kommunikasjon i Infinitum.
I Bjørnafjorden kommune var det i 2021, som i 2020, hos Rema 1000 Kuven Stasjon det blei panta mest.
Det blei levert inn nesten 1,16 millionar flasker og boksar i butikken i fjor.
Dei høge pantetala på Rema 1000 Kuven Stasjon betyr at dei også er blant butikkane som fekk inn aller mest pant i heile Vestland fylke i fjor.
Berre tolv Vestland-butikkar fekk inn meir pant enn Rema 1000 Kuven Stasjon.
Topp 15 - Vestland fylke i 2021
1. Rema 1000 Knarvik, Alver kommune: 2,2 millionar
2. Rema 1000 Wergeland, Bergen kommune: 1,7 millionar
3. Kiwi Palmafossen, Voss herad: 1,6 millionar
4. Rema 1000 Godvik, Bergen kommune: 1,5 millionar
5. Rema 1000 Eidsvåg, Bergen kommune: 1,48 millionar
6. Extra Nyborg, Bergen kommune: 1,42 millionar
7. Kiwi Storebotn, Askøy kommune: 1,4 millionar
8. Rema 1000 Drotningsvik, Bergen kommune: 1,36 millionar
9. Rema 1000 Fjøsanger, Bergen kommune: 1,28 millionar
10. Rema 1000 Ågotnes, Øygarden kommune: 1,2 millionar
11. OBS Vestkanten, Bergen kommune: 1,19 millionar
12. Rema 1000 Nattland, Bergen kommune: 1,18 millionar
13. Rema 1000 Kuven Stasjon, Bjørnafjorden kommune: 1,16 millionar
14. Rema 1000 Sørfjordsenteret, Ullensvang kommune: 1,13 millionar
15. OBS Horisont, Bergen kommune: 1,1 millionar
Alt blir resirkulert
Dei totale pantetala for Noreg i 2021 var 941 millionar boksar og 612 millionar flasker.
Det utgjer 287 boksar og flasker for kvar einaste nordmann.
I tillegg kom det inn 14,5 millionar utanlandske einingar utan pant.