Mest pant i Bjørnafjorden
Rema 1000 Kuven Stasjon fekk inn godt over ein million flasker og boksar i fjor.
Nordmenn er flinke til å panta tomme flasker og boksar. I fjor panta vi nesten 1,4 milliardar flasker og boksar, 20 prosent meir enn året før.
Det gjorde at 20.800 tonn plast og 11.600 tonn aluminium gjekk til resirkulering.
Ny panterekord
Panteselskapet Infinitum har nyleg fått klar statistikken sin over kor det vart panta mest i fjor.
Ny panterekord vart det hos Rema 1000 Kuven Stasjon, kor det vart panta over 1,13 millionar flasker og boksar. Det er mest i heile Bjørnafjorden kommune.
– Det er viktig at pant ikkje hamnar i naturen, og hos oss kan ein panta sju dagar i veka, seier kjøpmann Trond Hope.
– Butikken er i god vekst, og vi har merkt at restauranter i periodar har vore stengt. Då handlar folk meir drikkevarar som dei tar med heim, og av det blir det også meir pant. Vi har gode pantefasilitetar med to automatar rett ved inngangen og har åpent alle dagar i veka. Dette trur eg får mange til å kome med pant hos oss, seier Hope.
Topp ti i Vestland
I Vestland fylke vart det totalt panta 168 millioner flasker og bokser i 2020. Rema 1000 Knarvik fekk inn mest med 2,1 millionar flasker og boksar.
Så følgde Rema 1000 Wergeland i Bergen med 1,5 millionar flasker og boksar, og på tredjeplass Kiwi Palmafossen på Voss med 1,42 millionar flasker og boksar.
Desse 10 butikkane fekk inn mest pant i Vestland i 2020:
Rema 1000 Knarvik, Alver kommune: 2,1 millioner
Rema 1000 Wergeland, Bergen kommune: 1,5 millioner
Kiwi Palmafossen, Voss kommune: 1,42 millioner
Rema 1000 Eidsvåg, Bergen kommune: 1,4 millioner
Rema 1000 Godvik, Bergen kommune: 1,34 millioner
Extra Nyborg, Bergen kommune: 1,3 millioner
Rema 1000 Fjøsanger, Bergen kommune: 1,2 millioner
Kiwi Storebotn, Askøy kommune: 1,16 millioner
Rema 1000 Kuven stasjon, Bjørnafjorden kommune: 1,13 millioner
Rema 1000 Drotningsvik, Bergen kommune: 1,12 millioner