Næringsliv | 07. jan. 2022

Har levert over 100 stasjonar - så kom storkontrakt med Bergen kommune

Det to år gamle selskapet Banefilter AS får ein travel start på 2022.

Har levert over 100 stasjonar - så kom storkontrakt med Bergen kommune
Karsten Røttingen er nøgd med å landa storkontrakt med Bergen kommune. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 07. jan. 2022 13:45

Våren 2020 fortalte vi om Banefilter AS, eit nystarta firma basert på lokal idé og produksjon.

Med eigenutvikla filtersystem som skal begrensa mengda gummigranulat som hamnar utanfor fotballbanar, har selskapet fått ein god start.

– Eg sa til Vestmekaniske, som produserer for oss, at eg håpa å selja 5-6 stasjonar ved sidan av filter til kummane. No har vi levert over hundre sånne stasjonar.

Trass tomgang hos mange klubbar gjennom pandemiåret 2020, omsette selskapet for over 1,4 millionar kroner.

Karsten, som jobbar på fiskebåt, får god hjelp av sonen og fotballspelaren Kristoffer, som er student. Spesielt når han sjølv er på havet.

Fem firma konkurrerte om kontrakt med Bergen kommune

Banefilter AS har no vunne ein anbodskonkurranse, og skal levera løysingar til fleire av Bergen kommune sine fotballbanar.

– Eg visste berre om eitt anna firma i Noreg då vi starta, og blei seinare tipsa om eitt til. I denne konkurransen var vi fem deltakarar, men berre to av oss var kvalifiserte.

– Vi vart best på pris av desse, og skal levera 39 såkalla spelarstasjonar og utkøyringssluser til fotballbanar i bergensområdet.

– Det skal produserast og leverast 24 plattformer med undermonterte kostar, og så er det 15 stasjonar på 1x3 meter, som er berekna for banemaskiner som køyrer av og på banen, forklarer Karsten Røttingen.

– I tillegg skal vi levera 77 informasjonsskilt.

Leverer nasjonalt - produserer lokalt

Banefilter AS produserer alt av utstyr hos Vestmekaniske AS i Hegglandsdalen, og har med den siste avtalen nytta Loops AS til skiltproduksjon.

– For oss skal alt produserast lokalt. Det er både viktig og kjekt å klara å halda seg til lokale krefter og kompetanse. Vi meiner og trur at det vil løna seg i lengda, seier Karsten.

– Det er nok det som har bidratt til at vi kan vera ekstra konkurransedyktige på både pris og levering.

Fjoråret blei endå litt betre enn 2020.

Ordren til Bergen kommune skal leverast innan 1. april i år, og gir firmaet ein ekstra travel og god start på året.

– Det gjeld å få sett det meste i produksjon hos Vestmekaniske før eg skal ut på båt igjen, så får Kristoffer ta styringa mens eg er til sjøs.

Grøn eksistens

Banefilter AS er basert på ein miljøvenleg idé, og har allereie vist at dei har nok orden i sysakene til at dei har fått status som Miljøfyrtårn.

– Vi ser jo at det blir fleire reguleringar og krav til miljøforbetringar kring dette fagfeltet. I juli i fjor blei det vedtatt ei forskrift om at alle nye anlegg skal ha ei løysing for granulathandtering.

– Vi ser positivt på framtida til firmaet, og vil også bruka tid på å vidareutvikla produkta våre og å koma med nye løysingar, avsluttar Karsten.

Trine Lindborg, Kristoffer og Karsten Røttingen. (Foto: Bjørnafjorden kommune)
Trine Lindborg, Kristoffer og Karsten Røttingen. (Foto: Bjørnafjorden kommune)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.