Vil skåra på retur
Ein sponsor med sans for oppsamling og ein idé om pant og retur gir Os Fotball og Os Pensjonistforening ei ny, miljøvenleg inntektskjelde.
– Det byrja vel med kombinasjonen vellykka tomflaskejakt hos eitt av laga våre, som gjekk på dørene og fekk pant til inntekt for ein tur, og oppkjøp av Ask hos ein av sponsorane våre, fortel dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.
Då Bjarte Bøe kjøpte Ask Transport sitt utstyr, som blant anna inkluderte over 100 konteinarar, fekk Brenne og Bøe servert ein idé om å laga ein eigen pantekonteinar på Kuventræ.
Det blei ingen stor stålkonteinar, men Ask Transport leverte fire lett handterlege spann skreddarsydd for flasker, to ved klubbhuset, to ved kiosken.
Gir vekk 20 prosent til pensjonistforeininga
– Enkelte er gåvmilde og vil gje vekk panten sin, andre synest det er styrete å stå og stappa tomflasker i automatane i daglegvaren.
– Her kan folk koma døgnet rundt og kvitta seg med tomgodset, samtidig som dei støtter tre gode saker.
Ved sidan av det at panting er miljøvenleg gir ordninga inntekt til både unge og gamle i Os.
– Vi hadde ein fantastisk kveld med show og quiz i Eldresenteret i vår at vi vil gje noko tilbake. Derfor går 20 prosent av inntektene frå panten til Os Pensjonistforening.
Samlar inn tekstil og sko til UFF og NIF
1. september i år blei «Idrettens tekstilinnsamling» lansert av Norges Idrettsforbund i samarbeid med U-landshjelp frå Folk til Folk (UFF) og Right To Play.
Ein slik UFF-konteinar er på plass på Kuventræ, ved trappa opp til klubbhuset, og for kvar kilo med tekstil og sko som blir levert blir det tre kroner i inntekter.
Dei tre kronene blir fordelt sånn:
1 krone til idrettslaget
1 krone til NIF og Right To Play idrett- og utviklingsarbeid i Afrika og Asia
1 krone til UFF sine bistandsprosjekt i Afrika og Asia
Les meir om ordninga på uffnorge.no.