Meining | 21. sep. 2022

Oppmoding til prosjektet Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar

Eit spanande prosjekt med store ambisjonar og stort budsjett.

Oppmoding til prosjektet Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. sep. 2022 09:08

I formannskapet 8. september presenterte landbruksjefen og prosjektleiaren forprosjektet: Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar.

Eit spanande prosjekt med store ambisjonar og stort budsjett.

For landbruket i og rundt Bjørnafjorden kan dette verte svært positivt for utviklinga og framtida. Det er bra at det vert sett fokus på auka sjølvforsyning.

Eg ynskjer meg eit større fokus på det tradisjonelle landbruket, vidareutvikling og satsing på rekruttering er avgjerande. I Bjørnafjorden kommune har talet på mjølkebruk gått ned. Dette skapar ringverknader i bygdene våre. Det er noko vi må setja stort fokus på.

Eg har fått tilbakemeldingar frå bønder, etter presentasjonen i formannskapet, at dei saknar informasjon om prosjektet. Det tykkjer eg er synd, her har ein ei unik moglegheit til å utvikle heile landbruket i Bjørnafjorden kommune.

Eg ber om at prosjektet tek kontakt med fag-laga innanfor landbruket i kommunen vår. Det er uttalt at det har vore kontakt med ressurspersonar, men ved å invitere til dialog med fag-laga aukar ein forankringa.

Vi vonar at fag-laga, til dømes Fusa Bondelag, kan få koma med innspel før søkaden går vidare. For å nå eit felles mål om auka sjølvforsyning må alle med.

Prosjektet har stort fokus på born og unge, det heiar vi på.

Å skape forståing for kvar maten kjem frå, og gje borna eit kunnskapsgrunnlag slik at fleire ynskjer å vere med i matproduksjonen er avgjerande for framtida.

Dina Lervåg
leiar Bjørnafjorden Sp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.