Næringsliv | 12. apr. 2011

– Treng meir norsk mat

I Noreg produserer vi berre halvparten av det vi et. Matfatet er i fokus og laurdag nådde bondelaget sin stafett fram til Os.

– Treng meir norsk mat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 12. apr. 2011 09:03

– Vi som driv gard i Noreg er heldige, men vi har framleis mykje å kjempa for, vi og alle som et og drikk det vi produserer, seier Erlend Moberg.

«Verdas matfat blir tømt» er tittelen på Norges Bondelag sin bodstikkestafett, som i dag blir avslutta framfor stortinget.

Laurdag var bodstikka innom Os, og ordførar Terje Søviknes (Frp) stilte opp og kom med ei uttale.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Vil skjerma mot nedbygging

Bodstikkestafetten skal ha vore innom alle dei 430 kommunane i Noreg. I dag blir 40 bodstikker levert til stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap), bodstikker signert av ordførarar og andre senrale personar i dei ulike kommunane.

Laurdag var fleire frå Os Bondelag samla på jordet ved den krappe svingen på Moberg. I bakgrunnen sto ein traktor med bodskapen på, så kom ordførar Terje Søviknes, med pickup-sjåfør Gustav Bahus, for å koma med uttale som han limte på den lange skriftrullen.

– Vår lokale ambisjon er å bli tydelegare på at landbruksareal skal skjermast betre mot nedbygging. Når det gjeld rammevilkår må offentlege styresmakter på fleire nivå må legga betre til rette for både tradisjonell produksjon og nisjeprodukt, sa Søviknes.

Fakta og stikkord frå matfatet-kampanjen:

• I Noreg får vi berre dekka halvparten av kaloribehovet vårt frå norsk mat
• Naturkatastrofer, dårlege avlingar og endringar i marknaden kan i framtida gjera det vanskelegare å kjøpa mat frå utlandet
• Skal vi ha den same graden av sjølvforsyning som i dag (50%) må produksjonen auka med 20 prosent dei neste 20 åra
• Matvareproduksjonen i verda må aukast med 40 prosent dei neste 20 åra
• Kvart land, også Noreg, har rett og plikt til å produsera så mykje mat som mogleg til eiga befolkning
• Regjeringa skal snart legga fram landbruks- og matmeldinga, som skal setja rammer for matproduksjonen dei neste 10-15 åra

Eitt stopp aust om elvo

Hordaland står med sine drygt 76 millionar lite mjølk for 5 prosent av produksjonen i Noreg. Med nesten 39.000 storfe utgjer Hordaland 4 prosent av kjøttproduksjonen i landet.

– På 70-80-talet hadde meieribilen 27 stopp berre i Hegglandsdalen. No i vår gjev sistemann seg, no er det berre eg igjen aust om elvo, seier leiar i Os Bondelag, Martin Lyssand.

Han har rundt 140 storfe og med kvote på 340.000 liter i året er han blant dei i Os som produserer mest mjølk.

– I Os er vi berre 8 bønder igjen som driv med mjølkeproduksjon, Desse 8 driv saman med cirka 10 andre med kjøttproduksjon.

Høgare lønsemd = betre rekruttering

Medan store matvarekjedar sel kjøtt med tap, nokre gongar så billig at fleire til og med vel ferskt norsk kjøtt til hundar og kattar framfor vanleg dyremat, er lønsemda svak for førsteleddet, produsentane.

– Kva som skjer når vi andre legg opp er også uvisst, det er dårleg med rekruttering, kanskje er vi siste generasjon mjølkeprodusentar i Os.

Matproduksjon gjev arbeid til 100.000 personar i norsk landbruk og matindustri. I Hordaland er det 13.600 landbrukseigedomar, 9.250 av desse er busett og 3.300 driv i slikt omfang at dei søkjer produksjonstillegg.

– For at fleire unge skal få interesse for faget må lønsemda i landbruket opp, seier Lyssand. Dette er også eit av dei fire hovudkrava Norges Bondelag stiller til den nye landbruks- og matmeldinga.

Pregar landskapet

Med færre storfe, få eller ingen som driv med svin og berre rundt 10 som driv med sau i Os blir det få utanom hestane (og hjortane) som beitar.

– Ved sida av matproduksjonen, som vi treng meir av, er landbruk i sterk grad med på å prega omgjevnadane våre. Korleis skal det sjå ut i Os om 50 år? Skal det byggast ned, gro igjen eller dyrkast og brukast? spør Lyssand.

Erlend Moberg er glad for Søviknes si utsegn laurdag og håper lokalpolitikarane i Os både viser forståing for kor sårbar næringa er og at dei er bevisste forminga av landskapet i Os når dei legg vidare planar for arealet i kommunen.

– Små inngrep kan bety store endringar for framtida, og blir først eit område bygd ut blir det neppe gjort om eller ført tilbake til jordbruksformål.

Jordvern er også blant dei fire hovudkrava frå bondelaget, som meiner vi bør ha minst 1,8 dekar fulldyrka jord per innbyggar.

VIDEO: Terje Søviknes las si eiga uttale som han supplerte bodstikka med laurdag 9. april. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.