Lokal | 20. sep. 2017

Ivrige hender på potethaust i Os sentrum

Førsteklassingane henta råvarer til den komande fårikålmiddagen under Bondens Dag.

Ivrige hender på potethaust i Os sentrum
Førsteklassingane sto i kø rundt 10 kassar for å hausta poteter i Os sentrum i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. sep. 2017 15:37

Bildeserie:

Det er planta kål og poteter i ti kassar i sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er planta kål og poteter i ti kassar i sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eivind Moberg fortalde om potetferien i «gamledagar». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eivind Moberg fortalde om potetferien i «gamledagar». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så slapp elevane til. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så slapp elevane til. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
God fangst! Laurdag 30. september blir det fårikålfest i sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
God fangst! Laurdag 30. september blir det fårikålfest i sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4

I april fortalde Os Bondelag, som fyller 150 år i år, om korleis dei vil skapa eit sentrum «til å eta opp».

Det som gror i gatene på Osøyro no skal nemleg etast i Os sentrum under ein stor og svært kortreist fårikålmiddag på Bondens Dag 30. september.

• Les òg: Fylte på med meir «åker»

I dag var elevar frå 1. trinn ved Os barneskule for å hjelpa til med potethausten.

– Då eg var ung hadde vi ein eigen potetferie, den som de kallar haustferie i dag. Forskjellen var at vi ungane brukte ferien på å reisa rundt på gardane i Os for å hjelpa til med å ta opp potetene, fortalde Eivind Moberg frå Os Bondelag.

Det er planta både poteter og kål. Kålen blir ståande litt til, mens potetene no var modne for hausting.

Passa inn i undervisinga

– Vi blei inviterte for to dagar sidan og takka ja. Vi har ikkje lest oss opp på poteter eller gardsdrift, men har «haust» som tema for tida, så dette passa uansett godt inn.

Dei flinke og ivrige elevane kvidde seg ikkje for å stappa hendene i jorda, ivrig sto dei tett rundt dei ti kassane i Os sentrum for å leita fram kvar einaste potet.

– Det er nok ikkje mange nok til den store fårikålmiddagen, men vi har meir kortreist mat ute på eigne gardar som vi vil spe på med. Ungane, om dei vil, må jo få med seg litt poteter som løn for dagens innsats, seier Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.