Nærmar seg 9-talet
Thorbjørn Ludvigsen knuste den førre løyperekorden og fleire løparar frå Os sette ny personleg rekord i Liafjellet Opp.
Laurdag 21. september blei motbakkeløpet Liafjellet Opp arrangert, for tiande år på rad.
Det var i år 130 påmeldte. 116 stilte til start og gjennomførte, noko som er 1 meir enn i 2012, som også var rekord.
Thorbjørn Ludvigsen (8:42) og May Britt Buer (10:54) sette nye løyperekordar i herre- og dameklassen.
Sjå òg: Resultat frå 2012
Raskare enn i fjor
Det var ikkje berre Stoltze-kongen Ludvigsen som gjorde god figur opp Liafjellet laurdag.
Robert Bergstå gjorde som i Langedalen Opp førre helg, hamna på 2. plass.
Bergstå var saman med Ludvigsen einaste under 10 minutt, men fleire andre løparar persa og nærmar seg 9-talet.
Geir Storetvedt Skaten, som vann første Liafjellet Opp (2004), betra tida si med med 8 sekund frå i fjor, då han vann med tida 10:13.
Øyvind Odland var ikkje heilt nøgd då han betra tida si med 17 sekund og kom i mål på 10:55 i fjor.
I år sprang han i mål på 10:46, same tid som Klas Færøvik, som vann klassen 40 til 49 år.
– Eg sprang opp på 10:23 på trening tidlegare i veka, men eg er nøgd likevel, dette er over 40 sekund raskare enn i fjor, seier Klas.
Unge Eirik Spangelo Haga frå Nore Neset IL imponerte også, og kom på 3. plass i klassen 11-18 år på tida 11:53. Veslebror Sverre var raskast i klassen opptil 10 år.
Her er alle klassevinnarane i herreklassen:
0-10 år: Sverre Spangelo Haga(Nore Neset Il) 15:22
11-18 år: Daniel Instanes(Cowi) 10:13
18-29 år: Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (BFG Bergen) 08:42
30-39 år: Geir Storetvedt Skaten (Opptur Motbakkeklubb) 10:05
40-49 år: Klas Færøvik (Opptur Motbakkeklubb) 10:46
50-59 år: Brynjulf Vonmen (Varegg) 11:27
Komplett resultatliste finn du i bildefila i høgre marg.
Sjå òg: Resultata i kvinneklassen