Sport | 24. sep. 2012

Ikkje nøgd med 10:55

Liafjellet Opp: Øyvind Odland betra tida si med 17 sekund frå i fjor og var klart raskaste under 15 år.

Ikkje nøgd med 10:55
Øyvind Odland (15) betra tida si med 17 sekund og kom på 5. plass uansett klasse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. sep. 2012 11:42

Bildeserie:

Tord og Andreas fekk hjelp av Johannes Gjesdal (t.h.) frå Varegg. (Foto: KVB)
Tord og Andreas fekk hjelp av Johannes Gjesdal (t.h.) frå Varegg. (Foto: KVB)
Ikkje alle hadde meldt seg på på førehand. (Foto: KVB)
Ikkje alle hadde meldt seg på på førehand. (Foto: KVB)
Mål! (Foto: KVB)
Mål! (Foto: KVB)
Øystein Oen frå NNIL saman med tre frå Nore Neset mannskor. (Foto: KVB)
Øystein Oen frå NNIL saman med tre frå Nore Neset mannskor. (Foto: KVB)
Tonje Bolstad (15:28) var raskaste jente under 16 år. (Foto: KVB)
Tonje Bolstad (15:28) var raskaste jente under 16 år. (Foto: KVB)
Unge Tuva Berge hadde nest beste tid (17:04). (Foto: KVB)
Unge Tuva Berge hadde nest beste tid (17:04). (Foto: KVB)
3. plass: Sarah May Instanes (17:18). (Foto: KVB)
3. plass: Sarah May Instanes (17:18). (Foto: KVB)
Daniel Askvik fekk 3. beste tid (13:22) i gutar til og med 15 år. (Foto: KVB)
Daniel Askvik fekk 3. beste tid (13:22) i gutar til og med 15 år. (Foto: KVB)
Eirik S. Haga kom opp på 12:30, godt nok til 2. plass bak Odland. (Foto: KVB)
Eirik S. Haga kom opp på 12:30, godt nok til 2. plass bak Odland. (Foto: KVB)
Lars Hadler-Olsen var blant dei tre som kom på delt 4. plass. (Foto: KVB)
Lars Hadler-Olsen var blant dei tre som kom på delt 4. plass. (Foto: KVB)
1 av 10

Øyvind Odland (15) har dominert i dei yngre klassane i Liafjellet Opp dei siste åra, og har også vore raskare enn mange av dei vaksne deltakarane.

I år kom han seg til toppen på 10:55, raskare enn noregsmeistar i motbakkeløp May Britt Buer, som sette løyperekord med 11:09.

– Men eg er ikkje heilt nøgd, eg hadde håpa på å koma opp på 10:30, sa Øyvind til Midtsiden etter løpet.

I fjor sprang han opp på 11:12. I år var berre 4 menn raskare. Løperekorden er på 9:44, årets raskaste var Geir Skaten på 10:13.

RASKAST UNDER 16 ÅR

Jenter
1. Tonje Bolstad 15:28
2. Tuva Berge 17:04
3. Sarah May Instanes 17:18

Gutar
1. Øyvind Odland 10:55
2. Eirik Spangelo Haga 12:30
3. Daniel Askvik 13:22
Erlend Hevrøy, Knut Spangelo Haga og Lars Hadler-Olsen kom på delt 4. plass med tida 13:33.

– Vi er veldig nøgd med at så mange unge deltar i motbakkeløp, seier Tord Skogedal Lindén frå Nore Neset idrettslag.

Alle tidene til dei yngre deltakarane ser du i skjema til høgre (trykk for stor versjon).

Les òg: Ny damereord opp Liafjellet (topp 3 frå 16 år og opp)

Takkar Varegg, Osbadet og mannskoret

NNIL hadde i år fått låna utstyr og mannskap frå Varegg idrettslag til ny og meir effektiv tidtaking.

– Vi er veldig takksam for at Varegg ved Johannes Gjesdal stiller opp ein heil laurdag helga før dei skal arrangera Stoltzen.

Den nye bedriftsklassen hadde cirka 10 firma representert, men berre 5 av dei var mange nok (3 deltakarar) til at dei blei teljande i klassen.

Cowi, med den spreke familien Instanes i spissen, vann bedriftsklassen.

– Osbadet og Actic stiller opp med mange fine premiar og Osbadet var raske med å gje yttarlegare premie då vi lagde denne nye klassen, skryter Tord.

I barneklassane blei det trekt ut vinnarar av gåvekort i Osbadet og t-skjorter.

Beste skuleklasse blei Nore Neset klasse 7 A. Der får heile klassen gratis bading.

– Nore Neset mannskor stiller også opp på Liafjellet, der dei frå før har sponsa ny postkasse og monter ein flott benk. Også dei fortener ein stor takk! seier Tord Skogedal Lindén.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.