Sport | 22. sep. 2012

Ny damerekord opp Liafjellet

Deltakarrekord og løyperekord: Noregstoppen møtte på Nore Neset og May Britt Buer var raskast av alle damene i Liafjellet Opp 2012.

Ny damerekord opp Liafjellet
May Britt Buer (t.h.) starta 15 sekund etter Kirsten Marathon Melkevik (t.v.). Buer vann og slo løyperekorden med cirka 2,5 minutt! (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 22. sep. 2012 16:53

Liafjellet Opp sette deltakarrekord med 99 deltakarar i 2011. I år var det heile 115 deltakarar i konkurranseklassen og 30 deltakarar i turklassen.

På damesida kom både Kirsten Marathon Melkevik, som førre helg vann Langedalen Opp etter 9 månadar utan trening, og noregsmeister i motbakkeløp, May Britt Buer.

Buer vann på tida 11:09, Melkevik kom på 2. plass på tida 11:21.

Den gamle rekorden var på 13:54 (Astrid Nybø og Marita Linga)

– Det var eit kjempefint arrangement og ei gøy løype, synes May Britt, som vann Stoltzen i fjor og i år har vunne både NM og 5 av dei 6 noregscupane ho har deltatt i.

I herreklassen var Geir Storetvedt Skaten raskast. Skaten vann Liafjellet Opp også i 2007 og sprang i år opp på 10:13. På dei neste plassane, uansett alder, kom Espen Rognsvåg på 10:19 og Andreas Søfteland på 10:27.

Midsiden kjem tilbake med full resultatliste og fleire bilde.

TOPP 3 - LIAFJELLET OPP 2012

Menn 16 til 30 år
1. Espen Rognsvåg, 10:19
2. Andreas Søfteland, 10:27
3. Daniel Instanes, 10:49

Menn 31 år og eldre
1. Geir Storetvedt Skaten, 10:13
2. Tom Eikanger, 11:06
3. Rune Nygaard, 11:14

Jenter 16 til 30 år
1. Madeleine Bech, 15:27
2. Maria Steeien, 17:26
3. Solveig Marie Østgulen, 19:21

Kvinner 31 år og eldre
1. May Britt Buer, 11:09
2. Kirsten Melkevik, 11:21
3. Helen Martinsen, 12:49

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.