Tuva var først på toppen
Tuva Berge var raskast av dei opptil 10 år, og raskare enn fleire av dei eldre klassevinnarane i årets Liafjellet Opp.
Laurdag 21. september blei motbakkeløpet Liafjellet Opp arrangert, for tiande år på rad.
Det var i år 130 påmeldte. 116 stilte til start og gjennomførte, noko som er 1 meir enn i 2012, som også var rekord.
Thorbjørn Ludvigsen (8:42) og May Britt Buer (10:54) sette nye løyperekordar i herre- og dameklassen.
Dei raskaste jentene
Raskaste kvinne etter Buer var friidrettsutøvar Målfrid Pettersen Lunde. Målfrid klarer seg tydelegvis bra også i terrenget, og kom i mål på tida 14:21, ikkje så lang frå løyperekorden på 13:54 som blei slått i fjor (og i år).
Fleire andre klassevinnarar sprang opp på gode tider, ikkje minst unge Tuva Berge, som var først av alle deltakarane i første start.
Tuva stilte i klassen opptil 10 år og kom i mål på den imponerande tida 16:10.
Eldste deltakar, uansett kjønn, var Dagrun Valde, ein av fleire som deltok i bedriftsklassen, Dagrun på vegne av Eventyrdalen barnehage.
Her er alle klassevinnarane:
0-10 år: Tuva BergeJenter (Nore Neset Il) 16:10
11-17 år: Målfrid Pettersen Lunde (Fana Il) 14:21
18-29 år: Maria V. SteienJenter (Søfteland TIL) 17:19
30-39 år: May Britt Buer (Gular) 10:54
40-49 år: Solfrid H Hernes (NoTeam) 16:26
50-59 år: Mari Nes Mæland (Cowi) 16:10
60 år +: Dagrun Valde (Eventyrdalen Bhg)33:14
Sjå komplett resultatliste i bildefila i høgre marg.