Ny rekord opp Langedalen
Fleire sterke løparar stilte til start i dagens Langedalen Opp, og i herreklassen blei det ny løyperekord.
Langedalen Opp blei arrangert for første gong søndag 16. september 2012. Søfteland turn- og idrettslag, STIL, står som arrangør. Løpet har tre klassar, mosjonsklasse (utan tidtaking) og kort løype, begge med start ved Joker-butikken, 1,4 km lang og 110 høgdemeter i forskjell frå start til mål på "toppen av Langedalen". Den tredje klassen har start ved Vinddalsvatnet og er 2 km lang og har 150 meter høgdeforskjell.
I dag var det tid for nytt Langedalen Opp, og mange stilte til start både i turklassen og i dei to konkurranseklassane.
– Vi er veldig nøgd med arrangementet, med dei flotte premiane vi hadde fått sponsa og med deltakarmengda, seier Kjetil Haukeland frå STIL.
Trass i dårlege meldingar og litt grått vêr hadde konkurranseklassane nesten like mange deltakarar som i fjor.
Det har dessutan vore fleire motbakkeløp i Hordaland i helga, på Osterøy, i Bergen og i Hardanger.
I 2012 var det til saman 145 deltakarar, 82 i turklassen, 20 i kort løype og 43 i lang løype.
I år var det 50 i turklassen og 50 i konkurranse (19 i kort og 31 i lang løype).
Les òg: Sterk start for Langedalen Opp
I 2012 var alle vinnartidene naturlegvis også løyperekordar, men i dag blei ein av dei slått.
Roll Carlsen med ny rekord
I den lengste løypa blei det delt ut 1500 kroner i premie til vinnarane.
Espen Roll Carlsen frå BFG Fana vann herreklassen, Eli Anne Dvergsdal frå Gular vann kvinneklassen.
Roll Carlsen slo dessutan rekorden frå i fjor med 15 sekund, den nye løyperekorden for herrar er 07:05 og gjorde vinnaren yttarelgare 2000 kroner rikare.
Også Robert Bergstå var framfor rekorden frå i fjor, då han kom i mål på 07:08.
Her er topp 3 i alle klassar
Midtsiden kjem tilbake med bildeserie, fleire resultat og video frå løpet.
TOPP 3, lang løype, kvinner
1. Eli Anne Drangedal 09:25
2. Anne Marit Skjeie 09:58
3. Kai-Ann Vaktskjold 10:48
TOPP 3, lang løype, herrar
1. Espen Roll Carlsen 07:05
2. Robert Bergstå 07:08
3. Stian Aarvik 07:27
TOPP 3, kort løype, kvinner
1. Kjersti Tysse Plätser 08:56
2. Linnea Sælen 09:30
3. Sara Skaathun 09:37
TOPP 3, kort løype, herrar
1. Sander Hatleli Aasen 07:20
2. Petter Knudsen 07:48
3. Vegard Hatleli 07:50