Mest lest i 2013
Klare meiningar, tragiske hendingar og ein god posjon TV-stoff.
2013 har vore eit aktivt år på Midtsiden. Meir enn 490 000 unike besøkande har vore inne på sidene våre og lest sakene våre nesten 7,2 millionar ganger. Alt vi skriv er kanskje ikkje like populært, men nokre fellestrekk går att blant det som har hamna på topp ti-lista.
Meiningars mot
Lesarbidraga frå Knut Haddal kor han skriv eventyret om Gründaren og formuesskatten og innlegget om "Når tilliten til politiet er borte" er dei to mest leste innlegga på Midtsiden dette året. Knut er ein reflektert mann, og det set lesarane våre pris på.
Vår eigen redaktør, Kjetil Vasby Bruarøy, hender òg spissar penna for å kommentera hendingar og pågåande diskusjoner i bygda. Kjetil sin kommentar om BT oppslaget om Oseana og Fjellheim "Misvisande og stygt av BT" hamnar på ein 5. plass.
Ein annan ting mange har hatt mykje meiningar om det siste året er Ferjefri E-39. Direkteoppdateringa vår frå kommunestyremøtet då politikarane skulle seie si meining hamna på ein 8. plass.
"Nysgjerrige naboar"
Ulukker, enten det er langs vegen, på vatnet eller i form av brannar er noko vi òg ser er sakar høgt på listene.
Dette er ikkje saker vi tykkjer det er kjekt å skulle reise ut på, men eindel av kvardagen vår. Diverre har sambygdingar også i dette året mista livet under tragiske omstende. I denne oppsummeringa slår vi berre fast at omtaler av ulukker i bygda dette året kjem på 3., 4. og 7. plass over dei mest leste sakene.
Naken-TV på Moldegaard
Eirik Søfteland har gitt osingane mange gode opplevingar framfor TV-apparata dette året, men det er korkje omtale av "Idol-Eirik" eller "Skal vi danse-Eirik" som er på topp over artiklar innan kategorien TV.
Det er då "Alt for Norge" skulle spele inn finalen av programmet på Moldegaard. Saka om Dani Bergstø som fekk ei sentral rolle i finaleprogrammet og invitasjonen kor produsentane lurte på om osingane ville kle seg nakne hamna på henhaldsvis 6. og 9. plass.
Populær vegkro
Linda Andersen og dottera Hanne, har satsa på "the all american-style" når dei har utvida og pussa opp Eran Vegkro.
Osingar er glade i både bil og mat og har femna om kroa frå før dei opna. Saka om at det var fem dagar til opning, kor vi fekk ein liten tjuvtitt på korleis det skulle bli plasserar seg fint inn på ein 10. plass.