Vil du vera naken?
Monster har innspeling for TV Norge i Os denne veka - og har gjeve Bjørnefjorden Gjestetun ei litt spesiell oppgåve.
– Vi treng tre som vil vera nakne og vi treng to i bikini, seier Annicken Stenhjem og Jelena Markhus frå Bjørnefjorden Gjestetun.
Då produsentane frå Monster i dag kom og sa dei hadde eit litt spesielt spørsmål, sa Jelena i resepsjonen ved Bjørnefjorden Gjestetun så kjekt: "Ingen spørsmål er rare!"
– Men eg fekk litt hakeslepp då spørsmålet kom, ler Jelena.
Alt for Norge-finale i Os
Årsaka til at hotellet, på vegne av filmselskapet Monster, etterlyser nokon som kan spela naturistar, er at finalen i TV Norge-serien "Alt for Norge" blir spelt inn i Os.
"Alt for Norge" er eit program der amerikanarar med røter i Noreg, men som ikkje har kontakt med slekt i forfedrene sitt heimland, får oppdaga og oppleva Noreg.
– Vi har vore over heile landet, i Oslo, i Lofoten, i Trøndelag og i Kristiansand, fortel produsent Thor Odeld frå Monster.
Deltakarane konkurrerer samtidig om å vinna eit slektsstevne for det dei har av familie i Noreg.
Kulturkollisjon
– Årsaka til at vi treng nakne folk er at deltakarane får oppleva Noreg, og visse kulturforskjellar mellom amerikanarar og nordmenn. Amerikanarar har som kjent eit litt anstrengt forhold til dette med å visa hud.
– På same måte som vi i tidlegare sesongar reiste til Nord-Noreg og trente amerikanarar opp i banning, skal dei no få sjå nakne folk, ler presseansvarlig i TV Norge, Ola Magnus Svihus.
– Idyllisk!
– Vi skulle spela inn i og rundt Bergen, og då eg søkte etter ein idyllisk plass nær Bergen så fann eg Os, seier Ida Holtet Helwig.
Saman med kollega Eli Solheim kom ho til Os i går, og held no på å førebu innspeling i Bergen og Os frå onsdag til fredag.
– Crewet bur på Bjørnefjorden Gjestetun, men det var ikkje plass til deltakarane, så dei skal bu på Moldegaard.
– Folk har vore utruleg hjelpsame, både dei på hotellet, folk på Moldegaard og andre vi har snakka med, fortel Ida.
To har meldt seg
Dei første frivillige er allereie på plass. Begge speler fotball for Os TF.
Facebook-meldinga om etterlysing av nakne statistar blei nemleg supplert med direktekontakt til nokon som resepsjonist Annicken kjenner.
– Det er heilt greit for meg, eg har vore naken før, ler Dani Alvær Bergstø, som takka ja til invitasjonen.
– Eg har også fått med meg John Ole Johannessen, legg Dani til.
No treng crewet éin til som vil vera naken, helst ei jente. Og to i bikini (helst jenter det òg).
Frivillige kan melda seg til Bjørnefjorden Gjestetun (56304000). Innspelinga blir på hemmeleg location i Os.