– Morosamt på Moldegård
Sju frivillige stilte opp for TV Norge, tre av dei i nettoen, då finalen i Alt for Norge blei spelt inn i Os i dag.
Dei første frivillige meldte seg tidleg då Bjørnefjorden Gjestetun, som denne veka har husa TV Norge sitt crew, etterlyste lokale statistar som ville gå lettkledd, eller ikkje kledd, når finalen i Alt for Norge skulle spelast inn i Os.
Les òg: Vil du vera naken?
Årsaka til dei lettkledde kulissane er at deltakarane, som er frå USA, skulle få smaka på kulturkonflikten mellom amerikanarane sin allergi for å visa for mykje hud, til kontrasten, eit konstruert naturistmiljø.
Stor rolle til Dani
Fredag formiddag var det innspeling i parken på Moldegård, og sju spreke ungdomar stilte opp for å hjelpa til.
– Eg fekk litt meir eksponering enn eg først hadde håpa på, men det var ganske morosamt likevel, seier Dani Alvær Bergstø.
Han var den første frivillige som meldte seg, og blei den einaste som ikkje berre skulle halda seg i ro.
Deltakarane fekk nemleg i oppgåve å flytta ein naken Dani til ei anna solmadrass.
– Eg veg nesten 100 kilo, så dei fekk litt å bryna seg på. Dei valte dessutan kvar sin metode, den eine verre enn den andre, humrar Dani.
Fire frå Os - tre frå Bergen
Dani fekk med seg fotballkollega John Ole Johannessen til nakenstuntet på Moldegård.
Men også handballen var representert, Nore Neset-spelar Michelle Bukkøy var einaste kvinne i nettoen.
I tillegg stilte modell Linn Beate Riley frå Os, venninna Karoline Nesttun frå Nesttun (!) og kameratane David Grunnevåg, Mats Wiers og Øyvind Soltvedt frå Sandsli på Moldegård, men i shorts/bikini.
Alle andre enn Dani fekk ei ganske diskret oppgåve, der dei fekk vandra fram til location med handklede på og ligga i ro medan innspeling føregjekk.
– Det var litt vanskeleg å halda latteren tilbake, men vi klarte det så vidt, seier Dani.
Alt for Norge blir sendt på TV Norge til hausten og finalen frå Os og Bergen blir sendt ein gong før jul.