Flytting og ombygging
AMFI Os: Playcom ut, Dressmann inn, Olivia i midlertidig lokale og flytting og ombygging av Eurospar, Gullsmed Eide og Fotoknudsen.
Det skjer som kjent fleire endringa på og ved AMFI Os i 2013.
Playcom legg ned, Dressmann kjem inn og i midten av juni skal ny rundkjøring vera på plass mellom Byvegen og Prestegardsskogen, som også er inn- og utkjøringa til Amfisenteret.
– Det er no bestemt at Playcom held ope til 15. februar. Då har vi to veker til å tøma lokalet så Dressmann kan byrja å bygga butikken som skal opna 4. april, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.
Olivia nytt lokale
Dressmann skal overta både Playcom og naboen Olivia sine lokale.
Olivia blir flytta til midlertidig lokale i ein kasse som skal byggast mellom rulletrappa og leikebutikken Ringo.
– Vi skal bygga ein del om rundt Eurospar sitt lokale og når det er klart skal Olivia ned og bli nabo med Eurospar.
Flytting av Eide og Fotoknudsen
Eurospar skal omprofilerast til Spar, blir 50 kvadratmeter mindre og skal flytta kasserekka til om lag der Fotoknudsen er i dag.
– Då blir det kortare veg frå kassen til parkeringsplassen og bilen, seier Tøsdal.
Arbeidet startar etter 17. mai.
I området frå dagens kasserekke til dyrebutikken og helsekosten skal det byggast ut eit stykke inn på det breie fellesarealet.
– Her kjem Olivia, Gullsmed Eide og Fotoknudsen i nye lokale.
Stenger toaletta
Før den større ombygginga i 1. etasje skal toaletta i 2. etasje pussast opp.
– Det arbeidet startar vi på allereie måndag.
Toaletta og stellerommet ved kafeen blir stengt nokre veker.
Senterleiinga har kjøpt stellebord som blir plassert på HC-toalettet i 1. etasje i mellomtida.