Ferdig til sommarferien
I går gjekk fristen for å levera anbod på bygging av rundkøyringa ved AMFI ut. - Vi reknar med ferdigstillelse i midten av juni, fortel Anne Færestrand i Vegvesenet.
Os kommune, Hordaland Fylkeskommune og AMFI spleisa i 2011 på kostnaden med å bygga ei rundkøyring mellom Byvegen og Prestegardsskogen. Avtalen var eindel av forutsetningane då AMFI bygde ut senteret med fleire butikkar og parkeringshus.
Statens Vegvesen står som ansvarlege for utbygginga og la før jul ut anbodspapira på DOFFIN. Torsdag 10. januar var fristen for entreprenørane å levera anbod.
- Dersom alt går etter planen vidare i tilbodshandteringa reknar eg med oppstart i midten av februar og ferdigstilling i midten av juni, fortel Anne Fadnes Færestrand, ansvarleg hos Statens Vegvesen.
Forutset open veg
Med ein ÅDT (antal bilar som passerar kvart døgn) på 16.200 bilar er det mykje trafikk som passerar på fylkesvegen forbi senteret.
- Med ein så høg ÅDT blir det nok nokre utfordringar.
- Korleis entreprenøren som får oppdraget vel å løysa det er opp til denne.
- Vi har imidlertid satt som ein føresetnad at vegen under heile anleggsperioda skal ha køyrefelt i båe retningar, så det vil nok kun unntaksvis på kvelds- og natterstid bli eitt felt og trafikkdrigering, fortel Færestrand.
- Håpet er at bilistane skal påverkast i så liten grad som mogleg.
Kan bli dyrare
Spleiselaget mellom kommunen, fylket og AMFI har satt av 6 millionar kroner til bygginga basert på ei grovkalkyle frå Statens vegvesen i 2011. Fire av millionane kjem frå AMFI og Os Kommune, medan fylket har stilt opp med dei resterande to. Samstundes har fylket teke på seg byggherreansvaret og må ta eventuelle meirkostnadar om det blir overskridingar.
- Korleis ligg ein ann i høve ei kostnadramme på 6 millionar?
- Kostnadramma er nok noko høgre enn dei 6 millionane, men heilt nøyaktig kan eg ikkje seie før vi har fått gått gjennom tilboda og valgt entreprenør, fortel Anne Fadnes Færestrand hjå Statens Vegvesen.