Ny butikk på senteret
I april blir herremote-utvalet styrka på AMFI Os.
Utviding av MX Sport og nyopning av Mekk, Coop Extra, Tilbords, Kitch'n, Foss Ur og Sport1 er blant dei siste endringane på AMFI Os.
Les òg: Ny rekord på AMFI Os
I 2012 blei Fjord'n Blomster erstatta av Floriss, i 2013 kjem ein ny butikk til Amfisenteret.
– Dressmann blir ny leigetakar hos oss, stadfestar Anne Kristine Tøsdal.
– Vi har hatt eit ønskje om å styrka utvalet til menn. Med VIC sin vekst er det teikn på at det er behov for det.
Kven skal ut?
Senteret er allereie fullt. Tøsdal vil førebels ikkje seia om nokon legg ned eller krympar lokalet sitt.
– Men vi skal ha litt flytting og ombygging inne på senteret.
Opnar i april
Etableringssjef hos Dressmann, Frank Lehne, seier butikken i AMFI Os blir på 300-400 kvadratmeter.
– Vi har plan om opning 4. april, seier Lehne.
– Liten risiko
Dressmann er Nordens største motekjede innan herreklede, og ein del av motekonsernet Varner-Gruppen. I tillegg til Noreg er Dressmann representert i Sverige, Finland, Danmark, Latvia, Island og Tyskland.
– Årsaka til at vi vil etablera oss i Os er at Os er ein ganske stor marknad og vi synes avstanden til nærmaste Dressmannbutikk i dag er for stor.
Kjeden har nærmare 400 butikkar og utvider mest i andre land enn Noreg.
Men i 2012 opna Dressmann fleire nye butikkar i Noreg, blant anna i Lyngdal, som ligg mellom Egersund og Kristiansand. Kommunen har knappe 8000 innbyggarar.
– Det er alltid litt risiko med nyetablering, og Os er ikkje ein veldig stor plass. Men i Lyngdal gjekk det veldig bra og vi har tru på at osingane og folk i nabokommunane vil setja pris på at vi kjem til Amfisenteret, seier Frank Lehne.