Meining | 26. aug. 2023

Er det til barnets beste å legge ned Halhjem barneskule?

DEBATT: Kjære politikarar.

Er det til barnets beste å legge ned Halhjem barneskule?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 26. aug. 2023 09:55

Kjære politikarar.

Diskusjonen kring nedlegging av skular er alltid kompleks, og når det kjem til Halhjem barneskule, er det viktig å vege alle faktorar nøye.

Skulen si rolle som integrert del av nærmiljøet, bidraget til trygg og kort skuleveg, tidleg innsats, folkehelse, livsmeistring og tilrettelegging for fritidsaktivitetar gjer det naudsynt å spørja: Er det verkeleg til barnets beste å legge ned Halhjem barneskule?

Halhjem barneskule fungerer som ein samlingsstad i bygda vår. Den medverkar til å styrke banda mellom naboar og skapar eit fellesskap der barna våre kan vekse opp i trygge omgjevnader.

Skulen si plassering sørger for ein kort skuleveg, noko som er vesentleg for barnet si tryggleik og sjølvstende.

Å leggja ned skulen vil føre til at barna våre får lenger skuleveg, potensielt utsetja dei for farlege trafikkmiljø og auke foreldra si bekymring.

Barn i 6-10 års alderen har avgrensa erfaring med trafikk og kan ha vanskar med å vurdere avstanden og farten til bilar som nærmar seg. Ved å legge ned Halhjem barneskule, vil det bli ca 100 fleire elevar på busstoppet langs E39.

Å stå på busstoppet langs E39 i 70 sona utgjer visse farar for barn.

Ved busstopp kan barn vere aktive og uforutsigbare. Dei kan springe, leike og utforske omgjevnadene.

Dette aukar risikoen for at dei plutseleg kan røre seg ut i vegbanen utan å vurdere trafikken grundig. Halhjem barneskule er ikkje berre ein læringsinstitusjon, men òg ein stad for fysisk aktivitet og folkehelse.

Uteområdet på skulen er svært bra, ein finn alt frå oppgradert leikeplass, skog – med plass til alle, ballbinge, gapahuk og leikehytter.

Skulen sin nærmaste nabo er Søre Neset idrettslag med sitt flotte idrettsanlegg med både kunstgrasbanar, sandvolleyball og skatepark. Dette får skulen nytte heile skuledagen om dei vil.

Draumen til idrettslaget og resten i lokalsamfunnet er å byggje opp «Hallen», Søre Neset Arena.

Søre Neset Arena vil gi ei rekke fordelar som ikkje berre gagnar idrettsutøvarar, men heile lokalsamfunnet. Det er ei investering i helse, trivsel og samhald. Det vil bli ei brei variasjon av fysiske aktivitetar, hallen gir ein trygg og komfortabel arena der aktivitetar kan utførast uavhengig av vêrforhold.

Det vil bli ein trygg og organisert arena der barn og unge kan delta i fysiske aktivitetar og lære viktige ferdigheiter. Dette er med på å skape sunne og gode haldningar hos barn og unge frå tidleg alder.

Blir hallen realisert om det ikkje er skule på Halhjem?

Kva vil skje med den fantastiske fotballfritidsordninga til idrettslaget om skulen blir lagt ned?

Å legga ned skulen kan avgrensa tilgangen til slike aktivitetar og påverka barnet si totale helse og trivsel.

Diskusjonen om å legge ned ein skule bør alltid handla om barnet sitt beste. Det er samfunnet si plikt å gje barna ei trygg, støttande og utviklande oppvekst.

På Halhjem barneskule finst lærarar og anna pedagogisk personale som er spesialistar på 1.-4. trinn. Det er to kontaktlærarar på kvart trinn, dei deler opp 1. trinn så sant det let seg gjere med klasserom.

Dette kallar eg tidleg innsats!

Halhjem barneskule representerer ein institusjon som gjev lokalsamfunnet ei trygg, støttande og utviklande oppvekst.

PWC-rapporten viser at Halhjem barneskule ikkje vil få store utslag på nedgang i elevtal i åra som kjem, tvert om er det auke i nye førsteklassingar hausten 2024-25!

Å legge ned skulen kan ha konsekvensar som strekker seg langt utover det økonomiske aspektet, og det er viktig å ta omsyn til barna sitt ve og vel.

Konklusjonen er at å legge ned Halhjem barneskule kan ha negative implikasjonar for nærmiljøet, barna si tryggleik, tidleg innsats, folkehelse og livsmeistring.

Når ein vurderer om det er til barnas beste, bør vi ikkje berre sjå på økonomiske faktorar, men òg på dei langvarige konsekvensane for barna og samfunnet dei veks opp i.

Det er avgjerande å ta ansvar for barnet si framtid ved å oppretthalde og styrke skulen som ein viktig del av nærmiljøet.

FAU ved Halhjem barneskule
Henrikke Lekve Alfarnes

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.