Kjære du som er politikar i Bjørnafjorden kommune
DEBATT: Vi går i 4. og 5. klasse på Strøno barneskule og vi er glade i skulen vår.
Vi er glade i skulen vår fordi vi kjenner alle som er elevar her og alle dei vaksne som jobbar her.
Når vi kjenner alle, blir vi trygge. Når vi er trygge tør vi å gjere mykje meir saman, som å synge, danse og framføre arbeid på «vekeslutt» når heile skulen er samla.
Når vi er trygge på kvarandre lærer vi masse, vi tør å rekke opp handa i klasserommet og vi tør å vise alt det vi kan. Når vi er trygge er vi gode lærevennar for kvarandre.
Vi er glade i skulen vår fordi vi har kort veg til skulen og veldig mange av oss kan sykle og gå.
Viss vi må flytte til Nore Neset barneskule må vi ta buss eller køyre bil når vi skal på skulen eller besøke nye venner. Det kostar pengar, det forureinar, vi kan bli bilsjuke og vi får mindre aktivitet.
Vi er glade i skulen vår fordi det er fint her. Vi har fine og store klasserom, med det vi treng av utstyr.
Vi har ein veldig stor og fin uteplass med stor skog, skaterampe, fotballbinge og grusbane.
Ute på skuleveggane våre har vi veldig fin grafitti, som gjer at skulen vår ser glad ut.
Vi er glade i skulen vår fordi vi har barnehagen her. Vi leiker ofte med dei små når det er friminutt, og det er kjekt for oss.
«Eg likar at vi har barnehagen rett ved sidan av, fordi søstrene mine er der».
Helsing 4. og 5. klasse
Strøno barneskule