Vil byggje om barnehagar for 10 millionar
Kommunen vil byggje om Søfteland barnehage og dei snart fråflytta brakkene til Hjellemarka barnehage for å huse flyktningar.
Kommunestyret har vedteke at kommunen skal ta i mot 45 flykningar kvart år dei kommande åra. 12. april får formannskapet ei sak på bordet kor administrasjonen presenterer løysinga.
– Ei auke til 45 personar kvart år inneber ei kraftig auke for den utfordringa det er å skaffe høvelege bustader til alle som kjem. Truleg kan og må kommunen sjølv framskaffe eit betydeleg tal bustader i dette høvet.
Les òg: – Utfordringar med husrom
– På den andre sida kan kommunen nytta ut det potensiale som ligg i at kommunen eig eller disponerer ein del bygningsmasse som med moderate kostnader kan tilpassast til bustadføremål, også til flyktningar.
– Det vil truleg også vere fornuftig og nødvendig at kommunen tilbyr bustader for flyktningane lokalisert i mange av krinsane, slik at ein oppnår ei viss spreiing. Dette vil kunne letta integreringsarbeidet ved at mange nærmiljø blir utfordra på integreringsarbeidet med flyktingane som kjem og buset seg i bygda, skriv administrasjonen i saksutgreiinga.
Vil byggje om på Søfteland
Prosjektavdelinga har sett på ulike løysinger og lanserer i saka to prosjekt på Søfteland.
1. Ombygging av tidlegare Søfteland barnehage i Eikhaugen.
Denne har stått tom sidan den blei lagt ned i 2010 og fleire av dei kommunale barnehagane blei samlokaliserte i Os barnehage.
– Denne eigedomen vert tilrådd omgjort til 5 bustader, 2 stk à 60 m2 BRA og 3 stk à ca 100 m2. Desse husværa høver best for flyktningefamiliar med inntil 4 barn. Og potensialet for god integrering bør vere dei aller beste her. Det er også kort veg til kollektivtilbod, til skule og barnehage og til idrettsplass.
Truleg kjem det første åra ei overvekt av einslege flyktingar. Det å plassere 2 – 3 flyktningar i felles husvære bør vere ei akseptabel løysing i ein overgangsperiode, skriv prosjektavdelinga i si utgreiing.
Kostnaden for ombygginga er estimert til 5 millionar kroner.
2. Ombygging av modulbygget Hjellemarka barnehage har halde hus i.
Hjellemarka barnehage flyttar i disse dager inn i nye permanente lokale i Hjellemarka. Kommunen har allereie avtale med eigar av modulbygga, Markhus Bygg as, om å overta desse. Opprinneleg var dei tenkt nytta i samband med bygging av nye klasserom ved Lunde barneskule, men dette er ikkje lenger naudsynt.
– Administrasjonen ser for seg at tidlegare Hjellemarka barnehage kan konverast til 10- 14 mindre husvære til einslege flyktningar. Paviljongen kan bli ståande som den står, men det må utførast ein del ombyggingsarbeid med baderom, kjøken etc. Eigne inngangar for den einskilde er sagt er ønskjeleg.
– Det kan også vere aktuelt å etablere eit fellesrom for å stimulere felelskapet og integreringsarbeidet.
Estimert kostnad for ombygging frå barnehage til husvære for 12-14 flyktningar er i følgje prosjektavdelinga 5 millionar kroner.
40% av kostnadene til ombyggingane kan bli dekka av tilskot frå Husbanken.
Desentralisert struktur
Administrasjonen peiker på at ein må komma kjapt i gang for å førebu seg på mottak av dei 45 flyktningane kommunen har sagt dei skal ta i mot.
– Kommunen bør ligge godt i forkant, det gjer alt enklare om vi har kontroll på innkvartering til ei kvar tid.
– Det verkar naturleg at kommune held fram med å leige private husvære i krinsar der kommunen ikkje har eigne ledige husvære. Men der kommunen kan nytte ut eigen infrastruktur på nye måtar, bør det vere i fellesskapets interesse å gjere dette.
Les òg: – Vi må engasjera oss