Lokal | 22. des. 2015

– Vi må engasjera oss

Jon Sivert Rykkel (V) med klar oppmoding til kommunestyret i samband med busetting av flyktningar. – Vi må gå foran som gode eksempel.

– Vi må engasjera oss
Jon Sivert Rykkel (V) oppmoda kommunestyret til å gå foran som gode eksempel (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 22. des. 2015 10:47

I førre veke vedtok kommunestyret å busetta tilsaman 170 flyktningar dei kommande fire åra.

I tillegg til ein debatt om talet var det rette og litt om flyktningesituasjonen i eit internasjonalt perspektiv blei det ei samsnakking om viktigheten av å ta imot dei som kjem til Os på ein god måte.

– Vi må vera opne. Der er det viktig at vi som sit i kommunestyret går foran som gode eksempler. Det viktigste vi kan gjera er å bidra, difor oppmodar eg ordførararen om at han må leia ann og formidla at dette får vi til.

– VI må engasjera oss og integrere desse som kjem til oss, innleia Jon Sivert Rykkel før Nils-Anders Nøttseter (MDG) påpeika at ein ikkje berre må sjå på dei som tal og størrelser med som ein ressurs.

– Sjå berre på Steve Jobs (grunnleggjaren av Apple, journ.mrk), som er son av ein syrisk flyktning. I dag sit heile kommunestyret og tafsar på kvar sin Ipad, poengterte Nøttseter.

Vil vera besøksfamilie

Rykkel si oppmoding fekk støtte frå varaordførar Marie Bruarøy (H).

– Eg er heilt einig i at vi må slutta å sjå på dei som tal og kostnader. Vi må sjå på dei som ein ressurs.

– Mange av dei kjem nok til oss med traumer og treng hjelp, men mange av dei er ressurssterke personar som vil bli osingar og ein av oss. Korleis kan vi best mogleg hjelpa dei til å bli det?

– Om vi tilbyr flykningane besøksfamilier, så gir vi dei eit ekstra tilbod det første året. Underteikna er berett på å gjera det som eit lite grep, kommenterte Bruarøy.

– Bruk dei frivillige

Bruarøy peika òg på at språk er ein nøkkel til god integrering.

– Leksehjelp for borna, språk-kafeer kan vera virkemiddel. Målet må vera at dei får prata mest mogleg norsk. Der må vi alle bidra og trø til. Eg vil oppmoda flyktningetenesta til å vera den koordinerande part og sørgje for å dra med dei mange frivillige lag og organisasjonane vi har i bygda.

– Dei som kjem må vi sjå på som ein ressurs. Vi i kommunestyret må bidra til å ufarleggjera det. La oss ta godt i mot dei og la dei bli gode osingar, appellerte varaordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.