Lokal | 14. jan. 2016

– Utfordringar med husrom

Kommunen har utfordringar med omsyn til å skaffa husrom til flyktningane som kjem til Os dei næraste åra.

– Utfordringar med husrom
Når Hjellemarka FUS barnehage flyttar ut av brakkene og i nye lokaler, kan dei eventuelt bli flytta og bygd om til flyktningebustader (arkivfoto: KVB)
Cathrin Valestrandtorsdag 14. jan. 2016 09:19

– Vi har teke på oss å ta imot 45 flyktningar årleg dei komande åra. Dette gjev oss utfordringar med omsyn til husrom. Det er klart at kommunen må vera ein kraftig bidragsytar når flyktningane skal busetjast, seier prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen.

– Vi må vera omtenksame når vi skal plassera desse bustadane. Enten løysinga blir å byggja nytt eller byggja om. Vi må også tenkja praktisk i forhold til integrering, og derfor gjerne spre desse bustandane utover kommunen, seier Døsen.

Barnehage kan bli bustad

– Vi har nokre barnehagar som vi etterkvart kan byggja om. Eikhaugen barnehage har stått tom i fleire år. I tillegg flyttar Hjellemarka barnehage snart til sine nybygde lokaler. Då vert brakkemodulane som har vore nytta dei siste åra ledige. Det er ikkje bestemt noko enno, men vi ser på ulike løysingar.

– Det kan også henda at den barnehagekjeda som leiger dei kommunale barnehagelokala på Nore Neset, vil byggja ein ny barnehage på Nore Neset og flytta inn i. Om så skjer har vi lokaler som kan byggjast om der også, legg Døsen til.

«Kontakto» på flyttefot

Det er ikkje berre barnehagar som er på flyttefot i Os. Dagsentertilbodet innan psykiatri, Kontakto, har i ei årrekkje vore plassert i den gamle brannstasjonen. Men no ser det ut til at dei skal få ein ny samlingsplass.

– Det er vel meir eller mindre bestemt å ta prestegardstunet i bruk. Det vi tenkjer er å flytta Kontakto frå Allakten til prestegardtunet. Truleg vil vi også flytta nokre varige arbeidsplassar frå rådhuset og til tunet, seier Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.