Vikingar til Nore Neset
Årets Osmessa blir prega av vikingar. – Vi kjem for å leika med osingane, seier Ellen-Mari Hope frå Askøy Vikinglag.
Årets Osmessa, som er del av Nore Neset Dagane 21. og 22. september, får i år besøk av Askøy Vikinglag.
– Vi er eit av fleire vikinglag i Hordaland, og resten av landet, og ser fram til å delta på messa på Nore Neset, seier Hope.
Vikinglaget er opptatt av å formidla vikingane sitt levesett mest mogleg autentisk, og har lært seg både handverk, matlaging og aktivitetar frå vikingtida.
– Det blir bogeskyting og ein del andre leikar, aktivitetar dei fleste ikkje har sett før.
– Stiller de også med ting for sal?
– Vi har med nokre smykke for sal, men har hovudfokus på å ha det kjekt saman med publikum.
Sjå òg: askoyvikinglag.no
– Meir action i år
Nore Neset Dagane, som frå før inneheld gatecup for ungar i barneskulealder, og Liafjellet Opp, får med Osmessa ekstra stor aktivitet i og rundt Nore Neset Aktivitetshus.
– Vi har framleis ulike kategoriar utstillarar, bil og båt, hus og heim, sport og fritid og kunst og handverk, og har vel selt rundt halvparten av utstillararealet, seier Katrine Haugland.
I tillegg til Askøy Vikinglag, som blir på messa heile helga, kjem Vennebyen med show om søndagen.
– Bergen og omland modellbilklubb avdeling Os lagde mykje liv på messa i fjor, og dei kjem tilbake. Os Aero Klubb kjem også, og har med både fly og modellfly.
Dei neste vekene kjem til å gå med til å få dei siste 25 utstillarane på plass, og til å førebu Nore Neset på storinnrykk nest siste helga i september.
Sjå bildeserie og les om Osmessa i fjor.
I 2012 blei det også deltakarrekord og ny løyperekord i Liafjellet Opp. Her er vinnartidene frå fjoråret.