Livleg og luftig
Med ny klatrevegg, nye utstillarar og raske bilar byr Osmesso på ei fartsfylt helg.
Etter fleire veker med mykje nedbør kom sola som bestilt til Nore Neset Dagane og Osmesso. Liafjellet Opp sette rekord med nesten 50 prosent opp – men ville folk under tak og inn på messa i finvêret?
- Det har i alle fall vore bra her hos oss, seier Jarl Haug frå Vestlandske Heiltremøblar på Søfteland.
- Det har kanskje ikkje vore fleire folk enn i fjor, men vi har hatt betre sal.
I kø for å klatra
Os Turlag har stand ved den store, nye klatreveggen dei har fått montert i Nore Neset Aktivitetshus, og ved veggen var det kø med unge klatrarar heile dagen.
Rolegare aktivitetar var det også duka for, Os Bridgeklubb er på plass for å rekruttera nybyrjarar til kurs i oktober.
Sol, bad og boblebad
Som to naboar fann vi Reinhardt Østrem frå Home & Comfort og Inger Berit Bøyum frå Vitaltour, begge med lystbetonte varer på menyen, boblebad og sydenturar.
- Madeira er ein bestseljar og vi har måtta setja opp tur også til våren. Til haustferien er vi utselt, men vi har nokre få ledige plassar til Kypros og Lanzarote, fortel Bøyum.
- Det er kjekt å vera tilbake på Nore Neset. I februar flytta eg butikken frå Gullgruven og nærmare Os. I Blomsterdalen har vi no dobbelt så stor plass, seier Reinhardt.
Små og store bilar
Nokre av utstillarane står utandørs, blant anna Bergen og Omegn MBK med radiostyrte bilar, med løype som unge og vaksne kan få prøvekjørt i.
Bomobil AS var på messe i Lillestrøm førre helg, men stiller ut lokalt denne helga.
- Vi har hatt mykje besøk på standen. Eg blir ikkje overraska om to av dei eg snakka med i løpet av laurdag bestemmer seg for å kjøpa bubil no i haust, seier Myksvoll.
- Vi har allereie passert målsetnaden for året med to bilar, truleg sel vi 40 i år, 10 meir enn venta.
Osmesso heldt i gå fram med konsert og dans med Linda Ekeland med band på scenen.
I dag er det både messe, natursti og show med Kaptein Skrekk og Kaptein JoJo.