Val 2023 | 24. aug. 2023

Vi vil skapa meir i Bjørnafjorden!

DEBATT: Ønsker fiskerihamn i Bjørnafjorden kommune.

Vi vil skapa meir i Bjørnafjorden!
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 24. aug. 2023 09:27

Skal vi skapa ein god kommune å bu og leva i, må vi spela på lag.

Heilt avgjerande i ei slik samskaping er samarbeid og tilretteleggjing for næringsverksemd og -utvikling.

Vi i Bjørnafjorden Arbeidarparti går til val på å sikra føreseielege rammevilkår for dei næringsdrivande i kommunen.

Vi vil ha tett samarbeid med Bjørnafjorden næringsråd og støtta arbeidet som skjer i Bjørnafjorden gründerpark.

Dei fleste nye arbeidsplassane kjem i allereie etablerte verksemder, det er difor viktig å ha tett dialog, kunnskap og heia på det etablerte næringslivet.

Åpne for nye etableringar

Samstundes må vi heile tida vere åpne og vakne for nye etableringar som kan sikra både auke i talet på arbeidsplassar og i kommunen sine inntekter.

Vi vil leggja til rette for nye, grøne arbeidsplassar, og har store ambisjonar for etableringar både i Lyseparken og på Samnøy.

Her kjem det til å skje mange gode etableringar framover som vi igjen må sikra at skapar ringverknader.

Vi må tilretteleggja for ulikt næringsliv og ulike behov for tomteland.

Ikkje alle passar inn i dei næringsareala vi rår over i dag, og vi må difor heile tida sikra og tilretteleggja for meir næringareal gjennom gode og raske planprosessar, anten det er private eller kommmunale initiativ rundt om i kommunen vår.

Sikra fleire teknologiske arbeidsplassar

Lyseparken er godt tilrettelagt for at mange aktørar kan etablera seg med moderne grøn industri, samhandling og teknologiklynger.

Slik må vi sikra fleire teknologiarbeidsplassar i kommunen.

Lukkast vi med dette, vil det medverka til at utdanning og forskingsmiljø også finn området attraktivt, noko som igjen kan gje andre typar arbeidsplassar på sikt.

Utviklingselskap- 100% kommunalt eigd

Vi i Bjørnafjorden Arbeidarparti er stolte over etableringa av Bjørnafjorden Utviklingselskap AS (BUS) – eit 100% kommunalt eigd aksjeselskap som handterer Lyseparken og Samnøy, samstundes som dei også «sel inn» andre næringsområde i Bjørnafjorden og jobbar for moglegheiter for vidare utviding av areal både på Samnøy og i Lyseparken.

Selskapet består ei dyktig leiing med eit svært kompetent styre, heilt utan politikarar. Mange kommunar og næringslivsfolk ser til oss i Bjørnafjorden på korleis vi etablerte selskapet og korleis vi har vedteke at det skal styrast.

Ønsker fiskerihamn

Vi må vera tilgjengelege for det eksisterande næringslivet, lytta til behova deira, og samstundes gjera oss attraktive for nye etableringar og nye næringar.

Bjørnafjorden Arbeidarparti ønskjer mellom anna å jobba for å få etablert ei fiskerihamn i Bjørnafjorden kommune.

Av dei etablerte næringane står ikkje minst den viktige akvakulturnæringa framfor mange teknologiske og miljømessige endringar, og her må vi som kommune spela på lag med næringa for å få dette til for både auka verdiskaping og auka miljøgevinst.

Er vi alle gode på lagspel, lukkast vi også i å skapa meir i Bjørnafjorden!

Uante moglegheiter

Vi har uante moglegheiter for å selge oss inn med turisme og opplevingar.

Det er jo ofte slik at vi ikkje heilt skjønar det vakre og unike vi har rett rundt oss.

Vi har tru på samhandling, framsnakk og entusiasme.

I stramme og utfordrande tider må vi ha fokus framover, Vi vil halde fram med å bygga den unge kommunen vår gjennom trygg styring, tillit og samarbeid.

Vi meiner at dei formidable resultata på vekst i antall arbeidsplassar i privat sektor i Bjørnafjorden viser at dette skjer best med Arbeidarpartiet i førarsetet.

Trine Lindborg, ordførarkandidat
Helge Steinum, 2. kandidat
Bjørnafjorden Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.