Lokal | 31. des. 2015

Ventar med å rydda Hegglandsdalsvegen

Trea som i går velta over fv 137 blir liggande i fleire døgn. Innbyggarar inst i Dalen er frustrerte.

Ventar med å rydda Hegglandsdalsvegen
Dei velta trea i Hegglandsdalen blir liggande i vegen til ryddinga startar laurdag. (Lesarbilde. Innsendar av bilde er ikkje identisk med den frustrerte innringaren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2015 14:07

Onsdag formiddag velta fleire store tre over fv 137 Hegglandsdalsvegen, rett nord for barneskulen.

Lågspent og internettlinjer rauk med og ei handfull hus blei straumlause, men her blei det sett opp ei midlertidig løysing med omkopling på bakken.

Fylkesvegen tar det lengre tid med.

– Utruleg at dei nedprioriterer vegopninga!

Onsdag sa vegvesenet at dei ville byrja å rydda vegen når vinden løya. Torsdag morgon var det vindstille i Os, men ikkje noko arbeid på gang.

Ei kvinne som bur nord for vegsperringa kontakta Midtsiden torsdag. Ho er frustrert og sint.

– No har eg snakka med vegvesenet og med fylkeskommunen, og eg har vore ufin, det kan eg innrømma.

– Dei sa at vegen ikkje opnar før måndag. I går kom eg meg ikkje på jobb, laurdag kveld og søndag morgon skal eg på vakt igjen, det er langt å køyra om Arna og Nesttun når du skal frå Hegglandsdalen til Os.

– Kva med legevaktordninga, som er felles med Samnanger, og kva med dei som skal på skule måndag morgon? undrast ho.

– Komplisert arbeid

Hos vegtrafikksentralen forklarer dei kvifor arbeidet må venta.

– Det er tre årsaker til dette, seier trafikkoperatør Ove Amundsen.

– Vinden aukar utover torsdagen, vi må ha fleire aktørar inn samtidig (Telenor og BKK) og den aktuelle skogen er sårbar. Tar vi vekk eitt tre vil det velta fem nye.

– Entreprenøren må bruka skogryddingmaskin og ville i utgangspunktet venta til måndag med å starta, men no er det bestemt at dei startar arbeidet laurdag.

Amundsen kan ikkje svara på om det blir jobba også søndag eller om kor tid vegen er open igjen.

Har sikra legevakt og beredskap

Brannsjef og beredskapsleiar i Os kommune, Stein Gjøsund, seier at det er iverksett tiltak innan legevaktordninga.

– Ein lege som bur i Samnanger har vakt, i utgangspunktet til og med laurdag.

– Om det er noko særleg akutt så har vi ATV som vi kjem oss forbi trea med.

Også heimesjukepleien og kommunalsjef er varsla, i samband med skule. Om vegen er stengt måndag vil det søndag formiddag bli laga ein plan for elevar nord for vegsperringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.