Lokal | 30. des. 2015

Straum på veg

Arbeidsmannskap frå BKK melder om seks husstandar utan straum i Hegglandsdalen.

Straum på veg
Nils Terje Pettersen (frå venstre), Kenneth Leirvåg og Rune Nordtveit er i sving med å skaffa straum til dei som er utan som følgje av trevelta i Heggalndsdalen. (Foto: Cathrin Valestrand) 
Cathrin Valestrandonsdag 30. des. 2015 12:44

Bildeserie:

Nils Terje Pettersen, Rune Nordtveit og Kenneth Leirvåg håpar å ha fått straum på plass igjen tidleg onsadg ettermiddag. (Foto: Cathrin Valestrand)
Nils Terje Pettersen, Rune Nordtveit og Kenneth Leirvåg håpar å ha fått straum på plass igjen tidleg onsadg ettermiddag. (Foto: Cathrin Valestrand)
Kabelkrøll ved Hegglandsdalsvegen (Foto: Cathrin Valestrand)
Kabelkrøll ved Hegglandsdalsvegen (Foto: Cathrin Valestrand)
1 av 2

Husstandane på begge sider nærast trevelta i Hegglandsdalen er utan straum. Arbeidsmannskap frå BKK kom til staden ca klokka 11, og skal leggja midlertidig straum rundt trevelta for å få straumen tilbake til dei som no er utan.

– Det ser ikkje bra ut dette. Fiberkabelen ligg heilt i bakken, telefonlinja er nede, og lågspenten, seier Nils Terje Pettersen.

– Ser utrygt ut

– Eg kan ikkje tru at dei byrjar med rydding i dag. Det er fleire tre som ser ut som dei står i fare for å velta, og det eine der borte ser ut som det kan knekka rett av. Det er det som er farlegast. Då kjem treet det fort ned, og det er då liv kan gå tapt, seier Pettersen.

Både Rune Nordtveit og Kenneth Leirvåg seier seg einige i det. Dei tre er også samde om at det er tryggast å leggja ny kabel over marka på trygg avstand frå dei trea som er velta, og dei andre som potensielt kan følgja etter.

– Vi håper å vere ferdige på eit par timar, seier Nordtveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.