Lokal | 30. des. 2015

Velta tre stenger Hegglandsdalsvegen

Hegglandsdalsvegen (fv 137) er stengt grunna fleire velta tre rett nord for avkøyrsla til barneskulen.

Velta tre stenger Hegglandsdalsvegen
Fleire velta tre har tatt med seg straumlinja og sperrar fylkesvegen. (Foto: Cathrin Valestrand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. des. 2015 10:04

Bildeserie:

Vegen er stengt ved nr 595, rett nord for skulen. (Google Maps)
Vegen er stengt ved nr 595, rett nord for skulen. (Google Maps)
Vegen er stengt med bom, og vinden tar såpass tak at bommen er blåst ned. (Foto: Cathrin Valestrand)
Vegen er stengt med bom, og vinden tar såpass tak at bommen er blåst ned. (Foto: Cathrin Valestrand)
1 av 2

Rett før klokka 10 onsdag morgon kom det melding om stengt veg i Hegglandsdalen.

– Det skal vera fleire velta tre over fylkesveg 137, seier Anne Kjersti Storebø frå Os brann- og redningsvesen.

Vegen er stengt ved nummer 595, som er rett nord for avkøyrsla til Hegglandsdalen barneskule.

– Det er førebels ikkje noko oppdrag for oss, vegvesenet er varsla og skal vera på veg ut.

Fleire er straumlause

Politiet melder på twitter om stengt veg grunna fare for velta tre. Framme på staden ser vi at faren var reell, trea ligg allereie i bakken og har tatt med seg lågspent og internettlinje.

Fleire i Hegglandsdalen er no utan straum.

Midtsiden kjem tilbake med meir.

Har du tips eller bilde? Kontakt Midtsiden på 90789270 eller kjetil@midtsiden.no

Sjå bildeserie frå Os hamn onsdag morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.