Lokal | 30. des. 2015

Vinden byrjar å ta tak

Store bølgjer slår inn over Mobergsvikjo i starten på det som skal bli ein forblåst dag på Vestlandet.

Vinden byrjar å ta tak
Bølgjene skvetter oppetter veggane på Oseana i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. des. 2015 09:48

Bildeserie:

I bryggene innanfor moloane er det roleg sjø. (Foto: KVB)
I bryggene innanfor moloane er det roleg sjø. (Foto: KVB)
Rundt stupebrettet i Vikjo er det verre.  (Foto: KVB)
Rundt stupebrettet i Vikjo er det verre. (Foto: KVB)
Sjølv om det er fjøre sjø piskar bølgjene over moloane.  (Foto: KVB)
Sjølv om det er fjøre sjø piskar bølgjene over moloane. (Foto: KVB)
Haugsnesfjøra.  (Foto: KVB)
Haugsnesfjøra. (Foto: KVB)
1 av 4

Det er meldt kraftig vind til i dag. Yr har meldt opptil 18,5 m/s (sterk kuling), Storm har meldt 12,6 m/s (liten kuling).

– Vi har førebels ikkje fått melding om nokre problem, verken i båthamner eller med velta tre, seier Anne Kjersti Storebø frå Os brann- og redningsteneste.

OPPDATERT: Hegglandsdalsvegen (fv 137) er stengt

– Vi vil oppmoda folk om å sikra lause gjenstandar, legg ho til.

Har du tips eller bilde? Send til 90789270 eller kjetil@midtsiden.no

I store delar av Nordhordland og i delar av Bergen er folk straumlause i dag.

I le bak moloane

Vinden kjem frå søraust og står i morgontimane i dag omtrent vinkelrett på Mobergsvikjo, noko som gjer at moloane rundt Os hamn har maksimal effekt.

Det er òg venta at vinden skal halda stabil styrke og retning gjennom dagen.

Det er full flo i Os klokka 13.52 i dag.

Meir vatn - mindre vind

Det er meldt regn frå 19-tida og gjennom heile dagen i morgon.

Vindstyrken skal avta natt til torsdag og koma ned i 4-7 m/s ettermiddag og kveld nyttårsaftan.

Kjelder: Pent.no og sehavniva.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.