Vêret i Os | 21. okt. 2024

Veg var stengt grunna velta tre

Mannskap blei sendt til Hegglandsdalsvegen og Hatvikvegen måndag morgon.

Veg var stengt grunna velta tre
KLYVA: Eit tre heng over leidningar ved kryss med Moldegård, men Hatvikvegen er ikkje stengt. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 21. okt. 2024 10:57

Vindstyrken har vore oppe i stiv kuling natt til måndag, og måndag morgon velta eit tre over fv 579 Hegglandsdalsvegen.

Vegtrafikksentralen varsla om stengt veg klokka 08.36.

Vegen opna igjen klokka 10.22.

Hegglandsdalsvegen opna igjen klokka 10.22. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Hegglandsdalsvegen opna igjen klokka 10.22. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden

Måndag morgon har det òg kome melding om buskar og greiner på Hatvikvegen.

Ved Klyva og avkøyrsle til Moldegård heng eit tre i leidningar.

Men det er foreløpig ingen straumbrot i Os, nærmaste trøbbel i BKK sitt nett er 20 abonnentar på Osterøy.

Vindstyrken skal avta noko utover dagen, men halda seg på oppunder frisk bris til og med onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.