Vêret i Os | 21. okt. 2024

Sjøen er på veg opp - vindstyrken er på veg ned

Det blei vått på kaien sjølv om tidevatnet var omtrent på sitt lågaste.

Sjøen er på veg opp - vindstyrken er på veg ned
LÅGT VATN, HØGE BØLGJER: Os kai i 08.30-tida i dag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 21. okt. 2024 10:21

Søndag ettermiddag auka vindstyrken, og i natt har den vore oppe mot stiv kuling (13,9 m/s) frå sør.

Det er uvêret «Ashley» som er på veg, og Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel for Vestland.

Det er nord for Sognefjorden som får det verst, men det er i dag målt vindkast på over 24 m/s i styrke på Flesland.

Bølgjedemparane tar unna mykje, men med dagens vindretning styrer Os hamn ikkje klar av alt.

Vinden kjem frå sør, og måndag morgon skvett bølgjene over moloane og opp på Os kai ved Peppes Pizza.

Dette trass i at det var full fjære klokka 07.37. Det er venta flo klokka 14.09 i dag.

Vindstyrken skal avta, og er venta å bli 6-8 m/s i ettermiddag. Samtidig skal det bli opphaldsvêr.

Tysdag og onsdag er det meldt meir regn. Då skal vinden ligga på 7-9 m/s.

Frå torsdag morgon til fredag ettermiddag er det meldt opphaldsvêr og svakare vind.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.