Vêret i Os | 12. sep. 2024

No skal vêret snu

Med eitt unntak får vi samanhengande opphald og lettskya ei veke fram.

No skal vêret snu
LITEN KULING: Det blei ein ekstra dusj med salt over Os Sauna onsdag kveld. Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. sep. 2024 11:18

Etter ei uvanleg varm helg har vi hatt ei våt og kaldare veke. Onsdag kveld bles det dessutan liten kuling.

Men vêret skal snart snu.

Yr melder opphald frå klokka 11 i dag, Storm melder regn nesten samanhengande ut dagen.

Men begge er einige om opphaldsvêr frå fredag morgon og samanhengande fram til fredag om ei veke.

Med eitt unntak: Søndag.

Det er meldt regn frå rundt 12-tida søndag, ut dagen og eit stykke ut på natta natt til måndag.

Elles skal vi ha opphaldsvêr og overskya eller lettskya i åtte dagar fram.

Dei mest solrike dagane ligg an til å bli i morgon ettermiddag og laurdag, med 10 gradar fredag og 13 gradar laurdag.

Måndag skal temperaturen auka til 14 gradar, tysdag og ut veka til 16 gradar.

Det er meldt svak vindstyrke i ei god veke fram.

Vinden skal halda

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.