Lokal | 07. juni 2016

Utan mistenkte i valdtektssaka

Etterforskinga av valdtektssaka på Brimsholmen er i ferd med å bli avrunda.

Utan mistenkte i valdtektssaka
Politiet er framleis knapp med informasjon om valdtektssaka i februar. Audun Hadler-Olsen innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 07. juni 2016 10:14

Tysdag ettermiddag 16. februar skal det ha skjedd ei valdtekt i ein bustad på Brimsholmen i Søre Øyane.

Torsdag 25. februar gjekk politiet ut og ba alle som var på Brimsholmen eller Lepsøy denne dagen om å melda seg for politiet.

Les òg: – Etterforskar overfallsvaldtekt

Politiet fekk få tips i starten, men fekk bistand frå Kripos og etterforska for fullt utover våren.

I mars kom BT med informasjon om at gjerningspersonen skal ha tatt seg inn i huset til kvinna, der valdtekta skjedde, og reist frå staden i ein bil saman med ein annan mann. Den andre skal ha halde vakt mens valdtekta skjedde.

Politiet ville ikkje kommentera påstandane frå Bergens Tidende.

Har ingen mistenkte

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen seier i dag at saka framleis er under etterforsking.

– Har det vore nokre mistenkte i saka?

– Nei.

– Korleis blir gjerningspersonen skildra av fornærma i saka?

– Vi kan ikkje gå ut med meir informasjon enn det vi har gjort.

– Kva spor sit politiet på?

– Det kan vi heller ikkje gå ut med.

Hadler-Olsen seier etterforskinga er i sluttfasen, men at det førebels ikkje er påtaleavgjerd i saka.

– Førre møte med Kripos var for to veker sidan. Det har vore jobba tett og godt med saka. Vi vil saman med Kripos fortelja meir når vi er klare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.