Lokal | 11. mars 2016

BT: Tok seg inn i huset mens ein annan heldt vakt

Politiet jobbar framleis på spreng med valdtektsaka på Brimsholmen, men vil ikkje kommentera informasjonen Bergens Tidende går ut med.

BT: Tok seg inn i huset mens ein annan heldt vakt
Ifølgje BT skal valdtekta ha skjedd i ein av bustadane på Brimsholmen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. mars 2016 12:39

Torsdag 25. februar gjekk politiet ut og bad om tips etter ei overfallsvaldtekt på Brimsholmen ved Lepsøy.

Valdtekta skal ha skjedd om ettermiddagen tysdag 16. februar.

Politiet har ikkje kome med annan informasjon om offeret, episoden eller mistenkte anna enn at fornærma i saka er ei kvinne.

Alder, skildring av mistenkte eller om valdtekta skjedde under tak er uvisst.

BT: Tok seg inn i huset hennar

I går kom BT.no (krev abonnement) med ny informasjon i saka.

Ein mann skal ha tatt seg inn i bustaden hennar, der valdtekta skal ha funne stad. Han stakk frå staden i bil saman med ein annan mann, som kan ha halde vakt mens valdtekta skjedde.

Bergens Tidende nemner ikkje kva kjelde dei har i saka.

– Eg vil verken avkrefta eller stadfesta dette, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen til Midtsiden i dag.

– Kvifor går de ikkje ut med meir informasjon, for eksempel ei skildring av mistenkte?

– Det kan eg førebels ikkje kommentera, men det er naturlegvis av omsyn til etterforskinga.

Jobbar på spreng

Hadler-Olsen fortel at arbeidet med å etterforska saka held fram for full styrke.

– Fleire av våre tilsette er sett på saka og vi har framleis hjelp frå Kripos.

Politiet er også framleis interesserte i tips.

Politiet når du på 56303900 og 02800.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.