Lokal | 02. mars 2016

Kripos bistår i valdtektssaka

Politiet i Os er framleis interesserte i tips etter overfallsvaldtekta i Øyane. No får dei hjelp av Kripos i etterforskinga.

Kripos bistår i valdtektssaka
Audun Hadler-Olsen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. mars 2016 09:27

I førre veke gjekk politiet ut og fortalte om ei overfallsvaldtekt på Brimsholmen tysdag 16. februar.

Politiet ba alle som var på Brimsholmen og naboøya Lepsøy den aktuelle ettermiddagen melda seg for politiet.

– Vi har fått inn nokre tips, men ønskjer framleis fleire, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Kripos er kopla inn

Os lensmannskontor bruker store ressursar på etterforskinga, og i går blei også Kripos kopla inn i saka.

– Vi får teknisk og taktisk bistand, fortel Hadler-Olsen.

Politiet har vore knappe med informasjon i pressen i saka, og går framleis ikkje ut med verken skildring av gjerningspersonen, alder på kvinna, staden ho har blitt valdteken på eller andre opplysingar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.