Lokal | 26. feb. 2016

Har fått få tips, ber om opptak

– Køyrde du på Lepsøyvegen 16. februar og har kamera i frontruta, så ta kontakt med oss, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Har fått få tips, ber om opptak
Valdtekten skal ha skjedd på Brimsholmen i Søre Øyane (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 26. feb. 2016 09:24

Politiet gjekk torsdag ut med ei etterlysing av vitne etter ei overfallsvaldtekt på Brimsholmen i Søre Øyane tysdag 16. februar.

– No har eg ikkje snakka med patrulja som var på vakt i går ettermiddag kveld, men eg trur ikkje vi har fått inn så mange tips etter at vi gjekk ut med etterlysninga, seier politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.

Etterlyser opptak

Fimreite kjem fredag med ei tilleggsetterlysing.

– Vi veit jo at det er mange som har kamera i frontruta på bilane sine og at dette tek opptak når dei er ute å køyrer.

– Politiet ønskjer å få kartlagt mest mogleg av dei bevegelsane og trafikken som var i området ut mot Brimsholmen/Lepsøy på ettermiddagen tysdag 16. februar. I samband med det, ber vi folk som har slike kamera, og som køyrde på Lepsøyvegen den ettermiddagen om å ta kontakt med oss.

– Kva tidsrom er de interessert i?

– Eg vil ikkje vera meir spesifikk enn at vi seier på ettermiddagen 16. februar.

– Kan du seie noko meir om hendinga, til dømes kor valdtekten fann stad?

– Nei, på det noverande tidspunkt vil vi ikkje gå ut med meir informasjon enn det vi gjorde i går, avsluttar Fimreite.

I etterlysinga frå politiet ba dei særleg om opplysningar om ein mørk bil som var i området den aktuelle ettermiddagen.

Politiet kan kontaktast på 56 30 39 00.

– Sjokkerande og trist

Varaordførar i Os, Marie Lunde Bruarøy (H), har vakse opp på naboøya og er busett i krinsen.

– Eg vil først og fremst seia at eg håper det går så bra som mogleg med kvinna som er utsett for denne forferdelege handlinga.

– Det var ganske sjokkerande å lesa at dette kan skje på ein liten og elles så fredeleg plass som Øyane. Dette er ein plass der vi tidlegare ikkje låste husdørene våre ein gong, men verda blir mindre og avstandane blir kortare, på godt og vondt.

Bruarøy håper politiet får hjelpa og spora dei treng til å finna gjerningsmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.