Politi | 03. juli 2023

– Usemje om kven som slo først

Politiet rykte ut etter melding om kroppskrenking i Os sentrum.

– Usemje om kven som slo først
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. juli 2023 08:35

Fredag klokka 23.43 fekk politiet melding om kropsskrenking utanfor ein restauarant i Os sentrum.

– To menn var involvert, ein mann i midten av 40-åra og ein mann i slutten av 20-åra, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei to hadde ulik forklaring på kven som slo først, men det var også vitne på staden.

– Den eine involverte sa at han ville melda forholdet. Den andre sa at han, viss han blei meldt, ville koma med mot-melding. Begge framsto som om dei var påverka av alkohol.

Ingen av dei fekk nokre pålegg frå patruljen som var på staden.

Fekk forelegg på Søfteland

Fredag formiddag i 11.30-tida hadde UP trafikkoontroll på Søfteland.

Fokus var åtferd, ikkje fart.

– Det blei skrive ut eitt forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring og eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte, opplyser Lyssand.

Fredag ettermiddag, i 15.30-tida, fekk politiet tips om at det låg ein sekk med ved på motorvegen nær tunellinngangen i Endelausmarka retning Bergen.

Vegtrafikksentralen fekk oppdraget med å få entreprenør til å fjerna sekken.

Unge innelåst i bil

Klokka 00.14 natt til laurdag fekk politi og branvesen melding om eit bål nær Lepsøyvegen, ein stad mellom Hagavik Hjemmebakeri og Lepsøy.

– Brannvesenet rykte ut og hadde kontroll på staden. Det var ikkje fare for spreiing. Det blir heller ikkje oppretta sak.

Søndag formiddag rundt klokka 11.45 fekk politiet melding om ein unge som var innelåst i ein bil. Bilen sto parkert aust for Os sentrum.

– Viking blei sendt ut for å hjelpa bilførar med å opna døra.

Mann innrømte å ha spelt gitar

Rett før klokka 03 nbatt til måndag, fekk politiet klage frå Lekven på støy frå ein nabobustad.

Patruljen rykte ut og fekk ein prat med ein ung trubadur.

– Ein tenåring forklarte at han hadde spelt gitar og sunge, men lovde å avslutta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.