Politi | 25. juni 2023

Sjekka 10 båtførarar - skreiv ut 4 forelegg

Politibåten var på tokt i Bjørnafjorden i går.

Sjekka 10 båtførarar - skreiv ut 4 forelegg
Den nye politibåten. (Lesarbilde, foto: Kristian Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. juni 2023 05:47

Laurdag kveld kontrollerte politibåten 10 båtar i Os-skjergarden.

– Det blei skrive ut fire forenkla forelegg, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Alle forelegga var grunna manglande bruk av redningsvest.

Det var også noko tull i trafikken på land laurdag:

Rett før midnatt fekk politiet melding om ein person som hadde slått hovudet sitt etter å ha blitt skubba i Os sentrum.

– Han fekk tilsyn hos legevakt. Episoden handlar truleg meir om fyll enn om vald.

Rundt midnatt var politiet også på ei privat adresse i Os sentrum.

– Årsaka var høg musikk og støy. Festen blei avslutta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.