Politi | 24. juni 2023

Stal alkohol frå naust

Ruteknusing, fartskontroll og innbrot.

Stal alkohol frå naust
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 24. juni 2023 06:46

Fredag fekk politiet melding om innbrot i eit naust i Bjoarvika.

– Dei skal ha stole ein del alkohol og andre drikkevarer. Tilsvarande skal ha skjedd i eit nabonaust for eit par veke sidan, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Fekk forelegg på over 12.000

Fredag formiddag hadde UP fartskontroll på E39 retning sør, i 80-sona etter tunellane.

Det blei skrive forenkla forelegg til 25 bilførarar.

Høgaste fart blei målt til 106 km/t, noko som fører til heile 12.100 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Observerte ruteknusing

I 01-tida natt til laurdag fekk politiet melding om ein ungdom som knuste ei rute på eit busskur ved AMFI Os.

Vedkomande gjekk om bord på ein buss og politiet hadde ikkje ledig kapasitet til å rykka ut.

Ingen lokal innsats for serval i Strøno

– Når det gjeld servalen i Sørstrøno så jobbar ikkje vi lokalt med denne.

– Det er Miljødirektoratet som no har saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.