Trafikktryggleik: Alle kan søkja om midlar
Har du eit arrangement på gang? Fristen er 1. september.
Vestland fylkeskommune delte ut 1,4 millionar kroner til trafikktryggingsaktivitetar første halvår av 2021.
Vestland fylkeskommune deler ut midlar to gonger i året.
No er det ny sjanse. Søknadsfrist er onsdag 1. september.
Kommunar, skular og barnehagar, FAU, lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søka om tilskot til trafikktryggingsarbeid.
Skal trygga trafikken og trafikantane
– Du kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak, arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt og andre tiltak som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar, seier Eva Vinjevoll, rådgjevar i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Ordninga gjeld ikkje fysiske tiltak, men alle aktivitetar som bidrar til å tryggare trafikk og trafikantar blir vurderte.
Mange lågterskelaksjonar
Våren 2021 delte trafikktryggingsutvalet ut 1,4 millionar kroner til 35 ulike arrangement og aktivitetar.
Blant dei 35 arrangementa og aktivitetane var førstehjelp ved trafikkulukker, Sykkelkids, Russen sin dag og bilførar 65+ noko av det som fekk støtte.
«Lågterskel»-aksjonar er det mange av i løpet av eit år. Mange skular søkjer om nokre tusen til enkle innkjøp. Det kan for eksempel vere ein trafikk- eller refleksaksjon.
– Nokon søkte om 300 kroner til innkjøp av vaflar for å arrangere ein positiv trafikkaksjon, med utdeling av refleks og vaflar, og ei påminning om å køyre forsiktig. Det fekk dei innvilga, seier Vinjevoll.