Full fart utan motor
To skuleklassar brukte aktivitetsdagen til å sykla på motocrossbanen i Sigurdsvika.
– Det er alltid ein og annan som ramlar, men det er ingen fare, vi har plaster i klubbhuset, seier Jane Espeland.
Ho er formann i Os MC og MX klubb og tilsett ved Lunde barneskule. Då elevane ville sykla cross var det ingen problem å få låna banen.
Ein dag på to hjul
I går var det dei to femteklassane ved skulen som sykla frå Lunde til Kolskogen for å trilla av asfalten og prøva seg på grus og hopp.
– Vi blei delvis hindra av litt vegarbeid, men kom oss inn her på ein time. Nesten alle dei 49 elevane er med, men nokre av dei var innom Osbadet for å delta i skulemeisterskap i symjing først, fortel kontaktlærar Thea Hellevang Berg.
– Litt skummelt
Elevane kunne velja mellom to banar og ei grusløype i skogen. Mange valte mest mogleg action og sette utfor ein bratt bakke og ned til eit nybygd hopp.
– Det er veldig gøy, men eg ramla sist gang vi var her så eg er litt meir varsam i dag, seier Lisa Marie, på tur med venninna Rebecca bakpå.
Andre elevar, som Mathias, Marius, Eskil, Helene og bursdagsbarnet Annika sette utfor hoppet.
– Vi har hatt skuleklassar her før og vi har lånt vekk banen til CK Henie. Det er berre kjekt at den blir brukt, kven som helst kan ta kontakt om dei vil prøva banen, seier Jane.
Sesongstart og baneutviding
Ho fortel at klubben er i rute med planlegginga av utviding av banen.
I helga som var hadde klubben sesongstart med årets første noregscup.
Os reiste med 10-12 utøvarar og Marco Matre sin 3. plass var beste resultat.