Politi | 11. jan. 2022

To hundar har vore sakna i over eit døgn

Oppdatert: – Frykta at hundane var skadd av ørn. No er dei funne.

To hundar har vore sakna i over eit døgn
Den eldste av dei to hundane som er sakna. Dei to ser like ut, men den eine er kvalp. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 11. jan. 2022 13:16

Politiet er varsla og fleire frivillige deltar i søket etter at fire hundar stakk av frå Bahus nær kommunegrensa og Røykenes måndag morgon.

– Kona mi besøkte ei venninne, og dei tok med seg hundane til eit jorde på Bahus der dei ofte let hundane springa laus, fortel Sindre Midtun.

– Ein av dei, som truleg har fått teften av ein hjort eller eit anna dyr, tok ut, og dei andre følgde etter.

To av hundane, som er kjente i området, kom etterkvart tilbake. Sindre og Silje sine to hundar, ein 3-åring og ein kvalp, forsvann.

Hundane forsvann frå Bahus i 09-tida måndag. (Kommunekart.com)
Hundane forsvann frå Bahus i 09-tida måndag. (Kommunekart.com)

– Vi leitte til klokka 01 i natt. Då kom ein frå Laksevåg med sporhund for å søka i natt. I dag har vi også leita med varmesøkande kamera, men foreløpig utan resultat.

Dei har også sett ut eit hundebur med deira eige teppe og noko mat, i tilfelle dei kjem tilbake til start, sånn hundar gjerne gjer.

Midtun er takksam for all hjelpa han har fått, og håper turgåarar som eventuelt møter hundane vil varsla.

– Det er så mildt, og hundane er så robuste, at eg trur dei har klart seg fint. Men dei kan ha løpt langt, kanskje inn til Gåssand eller innover til Haugsdalen.

Oppdatert: Hundane er funne

Rundt klokka 15.35 blei hundane funne.

– Eg såg ei ørn då vi leitte i går, og var på veg opp igjen til denne. Den kunne ha skadd hundane, eller skremt dei utfor ein skrent dei elles ikkje ville gått utfor.

– Når så mange har gått i terrenget i over eit døgn, utan å høyra ein lyd frå hundane, såg vi det som eit dårleg teikn.

Så høyrde han ei voldom gneldring.

– Det var ei enorm oppslutnad, truleg har 60-70 personar, fleire av dei med hundar, kome for å hjelpa. Det kunne vore nokre av desse hundane, men eg kjente igjen den eine stemma.

Hundane hadde kome ned igjen omtrent der dei stakk frå på morgonen i går.

– Dei var heldigvis uskadde og såg veldig glade ut for å vera tilbake!

Ein av dei to hundane som var sakna, no på veg heim for ei natt under tak. (Foto: Privat)
Ein av dei to hundane som var sakna, no på veg heim for ei natt under tak. (Foto: Privat)

I forkant hadde ikkje berre 60-70 personar vore til hjelp. Jan Gunnar Eide stilte på kort varsel med helikopter.

– Eg fekk ein fantastisk fin pris, og vi var i lufta i ein time med termisk kamera. Vi såg ikkje hundane, berre mykje hjort, men vi fekk kartlagt ein del stiar, noko som var til hjelp i korleis vi koordinerte søket og dei ulike patruljane.

– Eg fekk ein fin pris, og er veldig takksam for at Eide stilte på strak arm, seier Sindre om søk med helikopter. (Foto: Privat)
– Eg fekk ein fin pris, og er veldig takksam for at Eide stilte på strak arm, seier Sindre om søk med helikopter. (Foto: Privat)

Ein løpar som skulle ha seg ein tur, meldte seg til teneste og spurde kvar hundeeigar ville at han skulle jogga.

– Det har vore heilt utruleg å sjå kor mange som ville hjelpa, både folk frå nærområde og heilt frå Åsane, seier Sindre, takksam for all hjelp til lands og i lufta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.