Lokal | 27. juni 2011

Ei Lucky ending

Onsdag forsvann han frå heimen sin, laurdag blei hunden funnen i ein kum.

Ei Lucky ending
Andris Hamremåndag 27. juni 2011 14:05

Som i ein amerikansk storfilm fekk historia ei Lucky ending:

Laurdag gjekk eigar Marte Fredriksen ut på Midtsiden.no og etterlyste den kjære Nordfolk Terrieren hennar, Lucky.

- Han var ute og lufta seg i hagen onsdag kveld. Då vi skulle rope han innan var han vekke, fortel Marte då Midtsiden.no møtte ho og Lucky måndag.

Leita høgt og lågt

Saman med familie og venner har Marte leita i heile nabolaget etter den vesle hunden.

- Vi har klatra høgt og lågt, på byggeplassar i nærleiken, i skogen og ellers på tenkelege og utenkelege plassar, fortel Marte.

- Vi tenkte at han kunne ha falle nedi ein kum eller noko slikt, men fann han ikkje nokon plassar.

Hørte klynk

Marte har tilbrakt dei siste nettene på sofaen i stova i tilfelle Lucky skulle koma heim på eigenhand om natta, men ingen Lucky dukka opp.

- Då eg kom heim frå jobb laurdag kveld syntes eg at eg høyrde piping og klynking.

- Det har eg trudd eg har hørt tidlegare òg, men eg har ikkje sett noko til han. Naboane meinte det kunne vera fulgar eg høyrde, fortel Marte som lurte på om ho byrja å innbille seg at ho høyrde lydane.

Laurdagskvelden syntes ho likevel at ho høyrde lydane betre enn tidligare. Etter å ha satt frå seg varer ho hadde handla på kjøkenet gjekk ho på ny på leit i nabolaget.

Laust kumlokk

Rett utanfor gjerdet, berre fire meter frå verandradøra snubla ho borti lokket på septik-tanken som spratt til sides.

- Og der låg han. Omlag ein meter ned i kummen, på eit lite røyr som gjekk på tvers, smilar Marte.

- Eg visste nesten ikkje at det var eit kum-lokk der ein gong, men dei som tømmer septiken hadde vore her tidlegare i veka.

- Truleg har dei ikkje satt lokket skikkeleg på plass, så har Lucky tråkka på det, lokket vippa, han har ramla nedi og lokket lagt seg på plass oppå han igjen, forklarar den lykkelege hundeeigaren.

3 døgn

At den vesle hunden ikkje har ramla heilt ned i bunn av tanken, men klart å klamre seg fast på eit røyr på tvers er mest utruleg.

- Han kan ikkje ha hatt det lett der han har lagt.

- Det er jo berre eit lite røyr på tvers, pekar Marte når ho viser Midtsiden.no bileta av kor Lucky har lagt.

I 3 døgn har den vesle krabaten lagt i kummen utan å ta til seg vått eller tørt.

- Han var dehydret og medtatt då vi fann han, men han har kome seg no når vi har fått vaska han og kost med han, fortel Marte Fredriksen.

No gjenstår berre eit besøk hos dyrlækjaren for å få sett på eit sår han har fått på stumpen og for å ta ein helsesjekk før den heldige hunden igjen kan leike rundt i hagen på Særvoll.

- Men lokket har vi skrudd fast med skruar, avsluttar ei blid Marte Fredriksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.