Lokal | 24. juni 2011

- Har du sett Lucky?

Lucky forsvann frå eigerane sine onsdag kveld. Har du sett han?

- Har du sett Lucky?
Andris Hamrefredag 24. juni 2011 18:22

To år gamle Lucky bur til vanleg på Særvoll i Hagavik. Onsdag kveld omlag i 21.30-tida forsvann han frå matmor Marte Fredriksen.

- Vi har leita i mange timar både natt til torsdag og seinare utan å finna han, fortel matmor i ei melding til Midtsiden.no

Både dyremottaket på Nesttun, Falken og politiet i Os og Bergen har vore kontakta utan å finna spor etter han.

- No håpar eg at nokon kan ha sett han og kan gje oss tips om kvar han kan vera, seier Marte Fredriksen.

Lucky er ein Norfolk Terrier på to år. Han har "brett" på båe øyrene, halvlang hale og er liten. Han er gylden blond med litt raudlig underpels og store brune auge.

Han skal vera kjærlen, leken og glad i menneskjer, men ikkje like glad i andre hundar og kattar.

Har du tips i saka kan Marte Fredriksen kontaktast på 905 21 660. Du kan òg kontakta Jan Erik Særvoll, 478 35 755 eller lensmannskontoret på 56 30 39 00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.