Lokal | 10. mai 2016

Homie er heime igjen!

Hunden som forsvann på Borgafjellet blei funnen i dag, nesten fire døgn etter at han stakk av.

Homie er heime igjen!
Marie og Kristian rett etter at Homie blei funnen. Med seg hadde dei foreldra til Marie sin vesle hund, Tara. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. mai 2016 20:22

Laurdag i 20.30-tida gjorde hunden Homie noko han aldri har gjort før, på tur med slektningar av eigarane stakk han av i det dei skulle ned igjen frå Borgafjellet.

Fleire timar med leiting laurdag kveld og søndag var til ingen nytte. Søndag kveld søkte eigar hjelp hos Midtsiden, som først la ut melding på Facebook-sida vår, før vi måndag intervjua eigar.

I dag blei han funnen i skogen bak den tidlegare lefsebakeriet i Hegglandsdalsvegen!

– I formiddag fekk vi tips om observasjon på Hatvik, i ettermiddag var det ein som bur ved lefsebakeriet som ringte og sa at dei hadde sett han, fortel Kristian Hellebø.

Elias Litlabø Valle (12) såg hunden og fekk foreldra til å ringa politiet, som igjen varsla eigar.

Stor gjensynsglede!

10-15 minutt seinare hadde Kristian og sambuaren Marie Hellen, som har hatt hunden sidan han for sju år sidan var kvalp, kome fram til staden.

– Vi gjekk eit stykke opp stien og ropte på han. Då kom han springande med éin gong!

– Det var ei fantastisk oppleving! Homie ser heilt fin ut, vi kunne ikkje sjå på han at han har vore på rek i fire døgn.

Takkar for all hjelp og velvilje

Kristian seier at engasjementet har vore enormt etter at etterlysinga la ut.

– For det første er det veldig mange som har delt etterlysinga, noko som er til stor hjelp, for det andre er det mange som har ringt og sagt kvar dei har gått tur og at dei ikkje har sett han, noko som òg er nyttig.

– Tusen takk til alle som har vist så mykje vilje til å hjelpa - og spesielt til Elias som fann Homie og varsla oss via politiet!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.